Bømlo kommune sender no ut invitasjon til alle eigarar av gamle bygg i strandsona til å delta i prosjektet ”Ny næring i gamle bygg i strandsona”.
Søknadsskjema: Ny næring i gamle bygg i strandsona
Vil sikre kulturarva
Dei fire kystkommunane Austevoll, Bømlo, Radøy og Sund med ordførarane i spissen, har sett i gang eit nytt prosjekt for å sikre kyskulturarva gjennom tilrettelegging for ny bruk i gamle bygningar i strandsona. Det er i hovudsak bygningar som naust, sjøbuer, saltebuer, nothengjer, båtbyggjeri, lager, kaianlegg og gamle handelsstader.
Bygningane representerar ein stor verdi for kulturarva vår, og er og ein ressurs for ny næringsaktivitet i strandsona. Prosjektet ønskjer å få til eit positivt samvirke mellom forvaltninga av arealdelen i strandsona, kulturminneforvaltninga, lokalsamfunnet og eigarane av bygga.
Dei som har aktuelle bygg i kommunen, kan søkje om tilskot til å få gjennomført ein tilstandsrapport. I søknaden skal det vera med opplysningar om bygget, eigedomsforholda og kva konkrete planar eigaren har med tiltaket. Planar for ny bruk, økonomisk evne og vilje, og engasjement for å realisera prosjektet, vert vektlagt ved prioriteringa av kven som skal få støtte til tilstandsrapporten. Dei utvalte bygga vil få besøk av einkonsulent/arkitekt som saman med eigaren vil synfare bygget, gå gjennom tilstanden, og vurdere aktuelle tiltak.
Det er eit mål at ca. 10 bygg-/pilotprosjekt per kommune gjennomfører ein slik tilstandsrapport, og at det i 2012 vert med minst 5 prosjekt vidare til ein ide-forretningsplanutvikling, og få på plass finansiering av prosjekta. Istandsetjing av bygga vert vedtatt av eigaren sjølv i samarbeid med prosjektet.
For å få tilsendt søknadsskjema, eller meir informasjon — ta kontakt med kommunen eller Norges Vel.
Nærings- og utviklingssjef Magne Raknes, Bømlo kommune
Mobil 900 77 956, e-post: magne.raknes@bomlo.kommune.no
Prosjektleiar Asbjørn Stavland, Norges Vel
Mobil: 951 46 623, e-post: asbjorn.stavland@norgesvel.no