Nye prisar for skulefritidsordninga i Bømlo kommune

I siste møte før ferien vedtok kommunestyret nye betalingssatsar for skulefritidsordninga (SFO) i Bømlo kommune. Dei nye satsane vert gjort gjeldande frå 01.10.12.

Forming, Våge skule
Forming, Våge skule

Då kommunestyret den 11.06.12 handsama saka "Prisar og opningstider for skulefritidsordninga (SFO) i Bømlo" vart det vedteke fleire endringar, m.a.:

  • Ytre opningstid pr. dag på SFO vert avgrensa til 9 timar

  • Fleksibiliteten der foreldra berre betalar for faktisk frammøtetid vert vidareført

  • Ordniære satsar, timepris og dagspris vert endra frå 01.10.12

Her kan du lese meir om SFO og dei nye satsane.

 
Publisert av Bjørn Håvard Bjørklund. Sist endra 05.07.2012
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no