Bømlo kommune kan glede seg over jamn vekst i folketalet. Frå 1. januar i år og til og med 1. juli har folketilveksten vore på 99, frå 11 275 til 11 374 innbyggjarar.
Kommunalsjef Rigmor Svanberg vil gå over i stillinga som prosjektkoordinator samhandlingsreforma i Bømlo kommune.
Tysdag 17. august starta Elin Olaussen (26 år) frå Bergen i jobben som fysioterapeut. Ho er tilsett i 100% i den nyoppretta kommunale fysioterapeutstillinga.
Bømlo kommune støttar organisasjonen Tubfrim og postkassen er no hengt opp i Kundetorget på rådhuset.
Det er diverre ein del feil i kommunen si informasjonsannonse i Bømlo-nytt i dag, onsdag. Det gjeld råd for likestilling av funksjonshemma, eldrerådet og utval for helse og omsorg.
- Saka om stadnamn er no sett på dagsorden att. Mykje er basert på skjønn, så det vert viktig å få diskusjonane om adresseparsellane i forkant av den politiske handsaminga som etter planen skal skje i haust, seier Kristian Grutle. Den pensjonerte forvaltningssjefen er tilbake på rådhuset for å leia arbeidet.
I slutten av juni dumpa Bømlo kommune sin innbyggjarversjon, eller kortversjonen, av Årsmelding 2009 ned i 4 297 postkassar i kommunen vår. Den har fått tittelen "Ein god start", og speglar særskild på Bømlopakken og vegutbygginga.
Sunnhordland interkommunale barneverntenesta (SIB) søkjer vertsfamilie for jente 17 år i området Stord/Bømlo.
Møta i Kontrollutvalet vert opne for publikum.