Psykisk helse er ein del av helsetenesta i Bømlo kommune og består av psykiatrisk sjukepleieteneste og dagtilbodet Nyving.
Her finn du mykje god informasjon om psykisk helse.
Kven kan me hjelpa?
Hovudfokus er menneske med moderat til alvorleg psykisk liding, menneske i livskrise og pårørande til personar med psykiske vanskar.
Korleis koma i kontakt med oss?
Du kan kontakta oss via brev eller telefon frå lege, poliklinikk eller andre i hjelpeapparatet. Du kan kontakta oss direkte eller ved hjelp av pårørande.
Kvar finn du oss?
Kontor og dagtilbod er å finna på "Nyving" - like bak Bømlo sjukeheim.
Psykiatrisk sjukepleieteneste
Dei tilsette har fagutdanning innan sjuke-og vernepleie, med vidareutdanning i psykiatri. I støttesamtalar kan me gi hjelp til betre innsikt i eigen situasjon og til å meistra dagleglivet. Me gir også tilbod om heimebesøk. Samarbeid med andre etatar kan vera nødvendig for å gi best mogleg hjelp.
Kva kan me tilby?
I støttesamtalar kan me gi hjelp til betre innsikt i eigen situasjon og til å meistra dagleglivet.
Me gir og tilbod om heimebesøk. Samarbeid med andre etater kan vera nødvendig for å gi best mogleg hjelp.
Lovgrunnlaget for tenesta
Lovgrunnlaget for tenesta er Kommunehelsetenestelova og Forvaltningslova. Teneste som er gitt etter Kommunehelsetenestelova er gratis. Alle som får vedtak om hjelp får dette skriftleg og tidsavgrensa.
Søknadsskjema
får ein ved å venda seg til Psykisk helse eller hos lege, bedriftshelsetenesta, sosialkontor, NAV, eller i tenesteomtalen Psykisk helse.
Dagtilbodet "Nyving"
Ved dagtilbodet er det to tilsette med fagutdanning og vidareutdanning i psykiatri. Dagtilbodet er ein stad ein kan koma saman med andre menneske, ha sosialt samvær og delta i ulike aktivitetar. Det er ope fire dagar i veka og gir tilbod om ulike gruppeaktivitetar.
Kontakt:
Psykisk helse, 5430 Bremnes
Telefon: 53 42 33 95
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no