I Bømlo kommune får du svangerskapskontroll hos jordmor på helsestajonen på Bremnes, Moster og i Langevåg:
Bremnes
Kvar måndag, torsdag og fredag + onsdagar i partalsveker
Moster
Tysdagar i oddetalsveker
Langevåg bygdatun
Onsdagar i oddetalsveker
Jordmora gir deg god svangerskapsomsorg, slik at du skal oppleva denne tida som positiv og sikra deg og barnet best mogleg velvære. Jordmor ynskjer å skapa ei fin forventning fram mot fødselen og til den nye foreldrerolla. Det blir sett av god tid til samtale, informasjon og undervisning. Alle gravide har ulike behov, og me prøver å tilretteleggja omsorga slik du ynskjer.
Sjølve svangerskapskontrollane inneheld også andre undersøkjingar som:
- Blodtrykk
- Urin
- Vekt
- Lytting til barnet sin fosterlyd
- Diverse blodprøver
- Måling av korleis barnet veks i magen
Jordmora kan også tilvisa til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk, dersom det er behov for det.
Du får god informasjon om dei aktuelle fødestadene på Stord og i Haugesund. Du kan ta kontakt med Stord sjukehus for å få time for omvisning: 53 49 10 70. Haugesund sjukehus har omvisningar torsdagar i oddetalsveker kl 18.00. Du kan vera greit å ringa på førehand, då du kan risikera å måtta venta pga at det kan vera travelt ved avdelinga: 52 73 23 20.
Ved fyrste svangerskapskontroll hos jordmor får du bøker og informasjonsmateriell.
Etter fødselen kan jordmor også besøkja deg heime for barselssamtale, veging av barnet og me kan sjå på eventuelle sting / rifter, dersom du ynskjer det.
Kontakt og timebestilling
Jordmora utfører graviditetstest, dersom du trur du kan vera gravid. I svangerskapet er det frivillig om du vil gå til svangerskapskontroll hos lege eller jordmor eller vekselvis til begge. Du kan bestilla time direkte hos jordmor eller via legekontora i Bømlo:
- 53 42 33 11
- 53 42 33 70
- 53 42 33 82
Du kan ringa jordmor på 53 42 33 38 i kontortida eller 917 63 035 etter arbeidsdagens slutt.
Registreringsskjema til fødepoliklinikken.
Snarvegar:
NAV - Ytingar
Helse Fonna
Tenesteomtale
www.barnimagen.com
www.snartmamma.com
www.snartpappa.com
www.baby.no
www.babyverden.no
www.libero.no
www.ammehjelpen.no
Gode bøker:
Gro Nylander: "Snart mamma"
Gro Nylander: "På vei"
Eli Heiberg og Nanna Bjørnstad: "Fødsel-kraft og kjærlighet"
Eivind Blikstad: "Når menn blir ferdre"
Lennart Nilsson: "Et barn blir til"
Michel Odest: "Å føde naturlig"
Frederick Leboyer: "Fødes uten vold"
Janet Balaskos: "Aktiv fødsel"