Registrerte tru- og livssynssamfunn kan få tilskot frå kommunen. Tilskotet vert rekna ut frå det kommunale tilskotet til Den norske kyrkja per statskyrkjemedlem i kommunen. Kommunen mottek liste frå Brønnøysundregisteret med oversyn over tal medlemer i kommunen i dei ulike registrerte tru- og livssynssamfunn. Ut frå dette vert tilskotet berekna og utbetalt. Tru- og livssynssamfunn treng derfor ikkje å søkje kommunen om tilskot.
Klage på tildeling av tilskot skal sendast Bømlo kommune innan tre veker etter at vedtaket er mottatt. Dersom kommunen opprettheld vedtaket går klagen vidare til Fylkesmannen i Hordaland.