Næringslivet på Bømlo er variert, med mange små og mellomstore verksemder og nokre få store aktørar. Gründertradisjonen står sterkt i kommunen. Sjå Næringslivsportalen.
På grunn av nærleiken til sjøen er det naturleg nok mykje industri knytt opp mot fiske, oppdrett og sjøfart. Her er høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfartsnæringa, stor rederiverksemd særleg knytt til offshoreindustri, og ei ekspansiv havbruksnæring. Innan reiselivsnæringa er det stor aktivitet.
Elles er det ein del jordbruk her, og dei vanlege servicenæringane er sjølvsagt sterkt representerte.
Eksterne lenker tek deg til anna relevant informasjon knytt til emnet Næring.