Grunnskulane i Bømlo


Bømlo kommune har 10 grunnskular med for tida om lag 1720 elevar.

Snarvegar: Skuleportalen i Bømlo - Skulerute 2010/2011 - Skulefritidsordning - Prisliste 2010-2012
 
Grunnskulane i Bømlo kommune:

Bremnes ungdomsskule (8-10)
Espevær skule (1-5)
Foldrøy skule (1-7)
Gilje skule (1-7)
Hillestveit skule (1-10)
Meling skule (1-7)
Moster skule (1-10)
Rubbestadneset skule (1-10)
Svortland skule (1-7)
Våge skule (1-7) 

Skulestad/skulekrins
Ta kontakt med Kundetorget, 53 42 30 30, om du er usikker på kva skulekrins barnet ditt soknar til. 

Informasjon om skulestart
Skulane sender kvar vår brev til føresette om innskriving av nye førsteklassingar, førskuledagar og skulestart i 1. klasse. 

Skulefritidsordninga, SFO
Kommunen tilbyr skulefritidsordning for barn frå 1. - 4. klasse og for barn med funksjonshemming frå 1. - 7. klasse. Sjå prisliste for prisar på SFO-tilbod. 

Føresette får informasjon om SFO-tilbodet til skulen gjennom innskriving av førsteklassingen. Søknadsskjema for SFO får du på den enkelte skule eller ved å klikka her. Søknaden skal sendast direkte til skulen, søknadfrist 1. april. 

PPT - Pedagogisk psykologisk teneste 
Alle kommunar skal etter lova ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. PPT skal sikra barn og unge (0 - 16 år) med særskilte behov rett til hjelp i høve til opplæring og utvikling. PPT er og ei teneste for vaksne med rett til vaksenopplæring etter Opplæringslova (§ 4).
 
Elevar i vidaregåande opplæring har eiga PPT-teneste; OT/PPT, som Hordaland fylkeskommune administrerer.
 
PPT-kontoret er ein del av Barne- og familietenesta, tlf 53 42 33 30 eller kontakt kundetorget i rådhuset på Svortland.

Lenker:
Tenesteomtale PPT


Opplæringslova, kap. 5

Teikning | Fotograf: Olav Bjørkum
Illustrasjon Teikning, jente teikar fotograf Olav Bjørkum
Sist endra 06.02.2012
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no