1,7 millionar nordmenn over 15 år, 107 kommunar, m.a. Bømlo, 201 bedrifter, 120 organisasjonar/ verksemder og over hundre skular deltok. Alt dette førte til at "heile" Norge sløkte lyset den 27. mars 2009.
Vert milliardgrensa sprengd i år?
Mykje har skjedd sidan kampanjen oppsto i Sydney 2007, med to millioner deltakarar. I 2009 var deltakartalet oppunder ein milliard, fordelt på over 4000 byar i 88 land. I år er målet å sprengja milliardgrensa, og auka talet på deltakarbyer til 6000. Talet er høyt, men ikkje urealistisk. Verdsbyar som Seoul, Hong Kong, Rio de Janeiro, Roma og Moskva er allereie påmeldt, og ikonbygg som New Yorks Empire State Building og San Franciscos Golden Gate-bru skal mørkleggjast. I Noreg er IKEA hovuddsamarbeidspartnar, og store organisasjonar som LO og NHO har allereie stilt seg bak kampanjen.
Alle norske kommunar med?
For 2010 er målet at halve Noreg skal delta i Earth Hour, det skal WWF og KS saman med ei rekkje andre aktørar bidra til. Bømlo kommune skal sløkkja lyset laurdag 27. mars kl. 20.30-21.30. Kommunen oppfordrar alle dei som kan, kommunale einingar, einskildpersonar, bedrifter lag og organisasjonar om å vera med på dette.
Markerer kommunane sitt klimaarbeid
Norske kommunar og lokalsamfunn har eit stort potensiale for å redusera klimautslepp og bidra til å utvikla det fornybare samfunnet me treng. Mange gjer ein stor innsats allereie, rundt 85 prosent av kommunane har eller er i ferd med å skaffa seg eigen klimaplan. Bømlo kommune vedtok sin klimaplan i 2009. Men potensialet er endå større: Ifølge Statens Forurensningstilsyn (no: Klima- og forurensningsdirektoratet) kan halvparten av utsleppsmåla i Stortinget sitt klimaforlik verta oppnådd med kommunale verkemidlar. For å utløysa slike tiltak har KS foreslått ei ny ordning for statlege kjøp av lokale klimakutt. Noreg må få ein mer effektiv klimapolitikk, og nasjonale kjøp av lokale kutt kan bli det nye, sterke verkemiddelet me treng på lokalt nivå.
Årets offisielle Earth Hour-film og meir informasjon finst på kampanjeportalen www.earthhour.no.