Systemrevisjonen vurderer om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen undersøkte om kva tiltak verksemda har for å avdekka, rette opp og førebyggja brot på lovgjevinga innanfor tema revisjonen omfamnar. Vidare at tiltaka vert følgde opp i praksis og om naudsynt korrigerte, samt å sikra at tiltaka er gode nok for å sikra at lovgjevinga vert følgd.
Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte. Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike forbetringspotensial.
Seks personar vart intervjua i samband med tilsynet. Blant dokumentasjonen frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige tilhøve var oversikt over personell med ansvar for økonomisk rådgjeving og deira kompetanse, oversikt over personar som har fått økonomisk rådgjeving i 2009 og personar som ventar på økonomisk rådgjeving per 25. februar 2010.
Tilsynet gav oss likevel konstruktive innspel til tiltak som vil vera med å heva kvaliteten på tenesta endå meir.
- Me er svært nøgde med at tilsynet ikkje fann avvik eller grunnlag for merknadar, noko som syner at den kommunale økonomiske rådgjevingstenesta held høg kvalitet, seier rådmann Sverre Olav Svarstad.