Siste nytt
Skip Navigation LinksKommunalt

Vegnamn på dagsorden

- Saka om stadnamn er no sett på dagsorden att. Mykje er basert på skjønn, så det vert viktig å få diskusjonane om adresseparsellane i forkant av den politiske handsaminga som etter planen skal skje i haust, seier Kristian Grutle. Den pensjonerte forvaltningssjefen er tilbake på rådhuset for å leia arbeidet.

Arbeidet med å gje alle bømlingane offisielle adresser bygde på veg- eller områdenamn, starta for nesten 40 år sidan. Fram til no har arbeidet gått tregt, og i rykk og napp.

- Dette er eit prosjekt som starta tidleg på 70-talet, men som har vore nedprioritert i mange år, før det har blitt gjort nokre skippertak. No skal arbeidet
bli ei prioritert sak, seier Grutle. Målet er at arbeidet som startar no, skal gå kontinuerleg til heile kommunen har fått nye, offisielle adresser.

Vil ha innspel frå bygdene
Å bestemma namna på vegar og område er ikkje noko enkel oppgåve. Både tradisjonar, lover, lokalhistorie og praktiske retningslinjer spelar inn. Det er ein del utfordringar. Ifølgje gjeldande regelverk skal ein nytta godt innarbeidde og gamle namn, så langt det er praktisk mogeleg. Områdenamn bør byggja på nemningar som blir oppfatta som felles for området det gjeld.

-  Veldig mange er opptekne av stadnamn. Mykje er basert på skjønn, så det vert viktig å få diskusjonane om adresseparsellane i forkant av den politiske handsaminga. Nettopp difor er det viktig å etablera kontakt med grendelag, velforeiningar og privatpersonar, seier Grutle.

Omfattande arbeid

Til no har berre ein tredel stadane i kommunen vår fått offisielle adresser bygde på veg- eller områdenamn. Følgjande område har ikkje, eller berre i mindre grad offisielle adresser og vedtekne vegnamn:

 

  • Espevær
  • Langevåg-området
  • Søre Bømlo - Våge
  • Finnås-området
  • Moster-Håvik
  • Håvik-Siggjarvåg-Foldrøy-Innvær
  • Rubbestadneset-Rolfsnes
  • Urangsvåg-Brandasund-Olakjosen-Økland-Nesse- Meling-Sønstabø-
    Hallaråker
  • Svortland-Mælandsvågen-Sakseid.

Oppslag i Haugesunds Avis 20.07.2010

Namnenemnda i Bømlo kommune 

Oversyn adressekodar

Vegnamnkart Nord

Vegnamnkart Sør

Vegnamnkart Aust

Vegnamnkart Midt

Publisert av Simon Sortland. Sist endra 23.07.2010
Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Kontaktinformasjon
_
_
Bømlo kommune
Rådhuset
5430  Bremnes
 
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
 
 
Telefon : 53 42 30 00
Faks : 53 42 30 01
Org.nr. : 834 210 622
Mva.nr. : 834 210 622 MVA
Kontonr. : 3495.07.02038
Kommunenr. : 1219
_
Opningstid : 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no