Arbeidet med å gje alle bømlingane offisielle adresser bygde på veg- eller områdenamn, starta for nesten 40 år sidan. Fram til no har arbeidet gått tregt, og i rykk og napp.
- Dette er eit prosjekt som starta tidleg på 70-talet, men som har vore nedprioritert i mange år, før det har blitt gjort nokre skippertak. No skal arbeidet
bli ei prioritert sak, seier Grutle. Målet er at arbeidet som startar no, skal gå kontinuerleg til heile kommunen har fått nye, offisielle adresser.
Vil ha innspel frå bygdene
Å bestemma namna på vegar og område er ikkje noko enkel oppgåve. Både tradisjonar, lover, lokalhistorie og praktiske retningslinjer spelar inn. Det er ein del utfordringar. Ifølgje gjeldande regelverk skal ein nytta godt innarbeidde og gamle namn, så langt det er praktisk mogeleg. Områdenamn bør byggja på nemningar som blir oppfatta som felles for området det gjeld.
- Veldig mange er opptekne av stadnamn. Mykje er basert på skjønn, så det vert viktig å få diskusjonane om adresseparsellane i forkant av den politiske handsaminga. Nettopp difor er det viktig å etablera kontakt med grendelag, velforeiningar og privatpersonar, seier Grutle.
Omfattande arbeid
Til no har berre ein tredel stadane i kommunen vår fått offisielle adresser bygde på veg- eller områdenamn. Følgjande område har ikkje, eller berre i mindre grad offisielle adresser og vedtekne vegnamn:
- Espevær
- Langevåg-området
- Søre Bømlo - Våge
- Finnås-området
- Moster-Håvik
- Håvik-Siggjarvåg-Foldrøy-Innvær
- Rubbestadneset-Rolfsnes
- Urangsvåg-Brandasund-Olakjosen-Økland-Nesse- Meling-Sønstabø-
Hallaråker
- Svortland-Mælandsvågen-Sakseid.
Oppslag i Haugesunds Avis 20.07.2010
Namnenemnda i Bømlo kommune
Oversyn adressekodar
Vegnamnkart Nord
Vegnamnkart Sør
Vegnamnkart Aust
Vegnamnkart Midt