Varaordførar Arnfinn Halderaker Husby skal som kjent reise ut som misjonær til Bolivia dei neste fire åra, og vart difor friteken for alle politiske verv for resten av denne valperioden. De kristne lanserte på nytt Sammy Olsen (Sp) som varaordførar og forlangde skriftleg val. Avrøystinga synte 24 for Jorunn Løklingholm (KrF), 2 røysta mot og ein røysta blankt.
- Eg vil takka for tilliten og ynskje Husby all mogleg lukke i sitt nye viktige arbeid, sa Løklingholm mellom anna etter valet.
Sjå også Haugesunds Avis si nettutgåve