Dette vart hovudendringane etter kommunestyret måndag vedtok retningslinjer for sal og skjenking av alkoholhaldige drikkevarer for løyveperioden 2012 til 2016.
Etter at formannskapet si fleirtalsinnstilling som ville opna for utvida skjenketider falt med 12 mot 15, vart rådmannen si innstilling av gjeldande skjenketider pluss Høgre sitt framlegg om å likestilla øl, vin og brennevin ved uteservering samrøystes vedteke.
Framlegget frå Sissel Johnsen (Ap) om å kun tillata skjenkeløyve for einskildhøve i idrettshallar og kulturhus, men ikkje i kombinerte anlegg for skule og andre formål, vart vedteke med 14 (Ap, Krf, De kristne og Sp) mot 13 røyster (H, Frp og V). Rådmannen si innstilling hadde opna opp for dette.
Sjå Innkallinga for saksframlegget