Siste nytt

Skip Navigation LinksNæringsliv - nyhende > Siste nytt

Vidareføring av teknisk fagskule utdanning i Sunnhordland

ny logo SAmarbeidsrådet for Sunnhordland
LOGO SAMARBEIDSRÅDET-NY

Hordaland fylkesutval har løyvd 2,7 mill. kr til oppstart av eit nytt kull innan maskinteknikk og elkraft i Sunnhordland.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har søkt Hordaland fylkeskommune om midlar til oppstart av eit nytt kull for teknisk fagskule utdanning hausten 2012. I møte 21.juni løyvde fylkesutvalet 2,7 mill. til oppstart av eit nytt kull innan maskinteknikk og elkraft. I tillegg er det gjennom ordninga med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift løyvd 1,3 mill kroner.

Dette vert andre kullet i ordninga med fagskuletilbod i Sunnhordland, som vart ein realitet hausten 2011 etter at dei fire bedriftane Apply Leirvik, Advantec, Aker Stord og Wärtsila gjekk saman for å få dette realisert. Hordaland Fylkeskommune og bedriftene finansierte dette tilbodet, som var retta mot tilsette i dei fire bedriftene.

Tilbodet frå hausten 2012 skal gjelda for bedrifter i heile Sunnhordland.

Med denne løyvinga håpar Samarbeidsrådet for Sunnhordland at dette vert eit fast tilbod i regionen.

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 25.06.2012
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no