- Eg er glad i å møte mennesker og å lære systemer å kjenne, så eg gler meg til å sjå korleis det fungerer i Bømlo kommune, fortel Mia Julie Wiland.
Wiland har ein bachelorgrad i sosiologi frå NTNU og held på med ein bachelorgrad i kulturprosjektleiing ved Høgskolen i Lillehammer. Ho gjekk musikklina ved Stord vidaregåande skule med song som hovudinstrument. Mia Julie trur sommarjobben som turistvert vil ha litt relevans i høve det ho utdannar seg som. Ikkje minst korleis ulike kulturoperatørar samarbeidar med kommunen og turistinformasjonen.
- No er det mest å få innføring i ulike rutinar, men den store utfordringa er å få oversikten slik at eg kan rettleia folk til rette vedkomande i kommunen, seier Mia Julie.
Den blide turistverten kan rettleia turistar på både engelsk og tysk, og forstår italiensk. Mia Julie kan også teiknspråk i tillegg. Ho skal jobba i turistinformasjonen til og med 10. august. På fritida skal ho hjelpa til heime på garden, eller kanskje reisa litt i helgane.