Kommunen står føre store utfordringar og det vert stilt stadig nye krav til tenesteproduksjonen i kommunen. Med ein pressa økonomi er det lite spelerom, og det krevst prioriteringar. Kommunen klatra opp to plassar, til 13. plass, på Byråkratibarometeret som syner kor mykje kommunen brukar på administrasjon per innbyggjar.
Likevel har innsatsen innanfor arbeidet med Inkluderande arbeidsliv gitt resultat også i form av redusert sjukefråver blant kommunalt tilsette. Ei rangering i Kommunal Rapport syner at Bømlo kommune er best i landet blant kommunar med over 10.000 innbyggjarar.
Folkehelse
Alle bileta i årsmeldinga er henta frå Bømlo Turlag sin Salma-marsj - Bømlo på tvers i vår. Det nyskipa laget stettar eit tydeleg behov og er svært aktive. Dei representerar eit lågterkseltilbod som vil bidra sterkt til å betra folkehelsa vår.
Både skule- og helsesektoren står føre store investeringar med utbygging av nye institusjonsplassar og ny Bremnes ungdomsskule. Helsesektoren står føre ei tid for nytenking og omforming med innføringa av samhandlingsreforma.
Ordførar Odd Harald Hovland trekkjer i sin kommentar fram at kommunen sitt omdømme, korleis me vert oppfatta av andre, er viktig for oss alle. I 2011 passerte me 11 500 innbyggjarar, noko som syner at Bømlo er eit godt samfunn der folk ønskjer å busetje seg. 2011 har til fulle vist verdien av eit aktivt og mangfaldig kunst og kulturliv som har fått fram kunstnarar på høgt nivå. Kjende kulturpersonar har profilert ikkje berre Bømlo, men også næringslivet vårt og deira unike produkt.
Med alt det positive som skjer i kommunen vår blant næringsliv, kulturliv, idrett og friviljug arbeid byggjer me alle opp om omdømmet vårt, samt stadfestar kommunen sitt slagord - "Driftige folk i vakker natur".
God lesnad.
Årsmelding 2011 Bømlo kommune - innbyggjarversjon
Årsmelding 2011 Bømlo kommune - fullversjon