Skip Navigation LinksStartside

Folkeveksten held fram

Bømlo kommune har fått 17 fleire innbyggjarar i første kvartal i år, og me er no 11 520 bømlingar pr. 1. april ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Ved årsskiftet var innbyggjartalet i Bømlo kommune 11 503. I løpet av første kvartal har det vore ei nettoinnflytting på 15 personar og eit fødselsoverskot på 2 personar slik at me totalt tel 11 520 bømlingar.

Statistikken syner at det var 18 fødslar og 16 dødsfall. 95 personar flytta til Bømlo, av desse var 39 frå utlandet. 80 flytta ut av kommunen, og fem av desse flytta til utlandet.

Av dei andre sunnhordlandskommunane er det Sveio som har hatt størst folketilvekst med 57 nye innbyggjarar. Deretter føl Fitjar med 16 og Kvinnherad med 11. Tysnes og Stord har ein nedgong i folketalet på høvesvis 19 og 16 personar.

Her ser du heile tabellen: SSB

 
Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 08.08.2012
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no
padlock