Siste nytt

Krav om elektronisk fakturering til kommunane

Bømlo kommune er no klare til å ta imot elektroniske faktura på filformatet EHF. Etter 30. juni 2012 tek ikkje kommunen imot fakturaer i papirversjon for nye avtaler. Som leverandør til kommunen vert det derfor kravd at alle brukar et fakturasystem som kan senda i
EHF-format, via det nye digitale nettverket, opplyser innkjøpsansvarleg Dag Eithrheim i Bømlo kommune.

Papirlaust
Papirlaust

Kommunesamarbeidet i Hardanger, på Haugalandet og i Sunnhordland, har gått saman om å legga til rette for elektroniske løysingar og ny teknologi som gjev nye muligheter, og det vil difor bli krav om elektronisk fakturering til kommunane i Hardanger, på Haugalandet og i Sunnhordland.

Alle som skal senda og motta faktura i elektronisk handelsformat (EHF-dokument), må knyta seg til et aksesspunkt i den nye digitale infrastrukturen for elektronisk sending av handelsdokumenter.

Effektivisering
Regjeringa legg stor vekt på at det offentlege skal ta i bruk elektroniske verktøy ved innkjøp. Det gjev ein meir effektiv offentleg sektor. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er gitt i oppdrag å legge til rette for auka satsing på e-handel. For avtalar som blir inngått etter 1. juli 2012 skal statlege verksemder krevje at deira leverandørar av varer og tenester sender faktura og kreditnota elektronisk.

Avtale med SendRegning AS
Kommunesamarbeidet i Hardanger, Haugalandet og Sunnhordland har etter anbudsrunde inngått avtale med SendRegning AS om levering av aksesspunkt for mottak av elektroniske fakturaer for kommunane.

Desse kommunane er med: Bokn, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fitjar, Fusa, Haugesund, Jondal, Kvinnherad, Odda, Samnanger, Stord, Sveio, Tysnes, Tysvær, Ullensvang, Ulvik, Utsira og Vindafjord.

Papirlaust for nye avtalar
Etter 30. juni 2012 tek ikkje kommunen imot fakturaer i papirversjon for nye avtaler. Som leverandør til kommunen vert det derfor kravd at alle brukar et fakturasystem som kan senda i EHF-format, via det nye digitale nettverket. Dersom ditt system ikkje kan dette, anbefaler kommunane at det vert teke kontakt med ein aktør som kan hjelpa til med dette. Alternativt kan ein gjennom Send Regning AS eller andre meldingssentraler få konvertert og oversendt faktura til vårt aksesspunkt SendRegning AS.


Kva fordeler får din bedrift?
Behov for fakturablankett, konvolutt, porto og postlegging fell bort. Eventuelle feil eller manglar vil bli oppdaga mykje raskare, slik at kommunane kan melda tilbake til deg. Kommunane mottek tusenvis av fakturaer kvar månad. Papirfakturaer kan bli liggjande pga. ferieavvikling, sjukdom osv. Med elektroniske fakturaer vil dette problemet bli vesentlig redusert.

Kan leverandørane også motta elektroniske fakturaer?
Ja. Elektronisk fakturering via det nasjonale PEPPOL-nettverket er tilgjengelig for alle verksemder.

Webinar/infomøter?
SendRegning AS og kommunesamarbeidet vil invitera kommunane sine leverandørar til informasjonsmøter i form av webinar via internett kvar dag i veke 35 og 36. Tidsskjema og
link for påmelding finn du på innkjøpsforumet si heimeside: http://innkjop.stord.kommune.no


 
Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 22.08.2012
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no