Siste nytt

Kulturminister Hadia Tajik

23. mai inviterte kulturminister Hadia Tajik (Ap) til innspelseminar i samband med det nye Kulturløftet på Litteraturhuset i Bergen. Over 200 kulturaktørar hadde møtt fram for å bli høyrt. På tross av kort taletid var det mange som ikkje slapp til orde. Bømlo kommune møtte med to representantar og fekk lagt fram vårt syn på fleire viktige saker. 

Leiar i Atheno

Innovasjon og nytenkning har gitt knoppskyting av bedrifter i Bømlo og her i Rubbestadneset spesielt. Næringslivet må vere i førarsetet og kommunen må vere tilretteleggjaren, sa ordførar Odd Harald Hovland då han offisielt opna Bømlo Innovasjonssenter i gamle Autogården nyleg.

 

torild skar.jpg

Tysdag 28.05 kl. 19 kjem Torild Skard til Bømlo folkebibliotek. Ho vil snakke om stemmeretten for kvinner. Den 11. juni 1913 fekk norske kvinner stemmerett på lik linje med menn, og 100 års jubileet blir feira over heile landet . Folkeakademiet på Bømlo er arrangør. Inngang på baksida av Sams senter mot kulturhuset. Gratis

Bømlo kommune ynskjer dine innpsel til neste steg i Kulturløftet. 

Kristine Sele

«- driftige folk i vakker natur» er tittelen på boka som er ein del av Bømlo kommune si 50 års-jubileumsfeiring. Måndag vart den lansert i lavvoen til Opplev Bømlo ved Kulleseidkanalen. 

Hjelpemiddellageret i nye lokaler

- Frå og med idag, torsdag 25 april, har Kommunalt Hjelpemiddellager på Bømlo ny adresse. Me har ikkje flytta langt, du finn oss i kjellaren i BBR-bygget. Me vil presisera at BBR ikkje har noko med lageret å gjera, og ynskjer ikkje henvendingar vedrørande hjelpemiddel, understrekar leiande ergoterapeut Britt Mari Farestveit.

 

Jubileumshelg flyer

Bømlo var ein kommune som vart oppretta i 1916, då Finnås kommune delte seg i kommunane Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 slo kommunane seg saman att, til Bømlo kommune. Bømlo kommune frå 1916 til 1963 omfatta det området ein i dag kallar «Søra Bømlo». I 1995 vart Bømlo kommune tillagt øyane Aga og Agasøster i aust og Gisøy og Vikøy i nord frå Fitjar kommune, då desse fekk brusamband med resten av Bømlo. Bømlo kommune slik me kjenner han i dag er altså 50 år i 2013.

Gravemaskin

Onsdag 10. april sette ordførar Odd Harald Hovland seg bak spakane i ein gravemaskin og tok "første spadetak" for utbygginga ved Bømlo sjukeheim. Tilbygget vert i to nye fløyar med 59 nye pasientrom til ein kostnad på 104 millionar kroner. Engelsen Bygg AS er totalentreprenør for prosjektet.

 

Foreldre, og andre som har lyst, er hjarteleg velkomne til å sjå alt det fine 10. klasse elevane har laga i kunst og handverk i år. Utstillinga vil vera open torsdag 7. mars frå kl. 0800 til 1900. Når utstillinga er over kl. 1900 har elevane høve til å ta med seg produktet sitt heim. Det blir inngang på nedsida av skulen. Velkomne skal de vera.

Voksenopplæringa ved Stord Vidaregåande skule tilbyr gratis voksenopplæringskurs i programområde for transport og logistikk.

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no