Siste nytt

Markeringar 8. og 17. mai

Frigjeringsdagen 8. mai er også vår nasjonale Veterandag, og skal i år ha ein høgare profil enn elles. På denne sida freistar me samla program for markeringa av 8. mai og program for dei ulike krinsane sin 17. mai-feiring i Bømlo kommune.

Me ber difor om å få tilsendt 17. mai programma frå dei ulike komiteane - bruk denne e-postadressa: simon.sortland@bomlo.kommune.no

Forsvarsministeren om Veteran- og frigjeringsdagen 8. mai

8. mai-markering ved skulane

Hillestveit skule - ved minnestøtta Bømlo kyrkje kl 12.00 fredag 6. mai.
Våge skule - ved Lykling kyrkje kl. 10.00 fredag 6. mai. 
Moster skule - ved Moster gamle kyrkje, ved kyrkja på Eikeland og ved minnesmerke i Ytre Håvik. Alle tre stadane blir det klokka 13.00. Elevar og lærarar ved Moster skule deltek fredag 6. mai.
Meling skule og Bremnes ungdomskule - ved Bremnes kyrkje og Blia monumentet fredag 6.mai kl 10:00. (Bremnes ungdomsskule og Meling skule har markering eit år og byter med Gilje og Svortland anna kvart år).
Espevær skule - ved Minnestøtta på Espevær fredag 6. mai kl.11.30.

"Shetlandsgjengen" i Bømlo kulturhus
I samband med frigjeringsdagen 8. mai viser Bømlo kulturhus filmen Shetlandsgjengen. Denne filmen frå 1954 viser den kjente lokalhistoria om Shetlandslarsen. Som kjent var Bømlo og øyane rundt hovudbase for Shetlandsgjengen og mange bømlingar risikerte liva sine på den farefulle ferda over havet. Det seies at då filmen kom ut i 1954 var den starten på kinovisningar her på Bømlo. Visninga er gratis.

17. mai program i krinsane

Moster

Svortland

Meling

Rubbestadneset

Foldrøy

Våge

Hillestveit

Espevær

 
Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 10.05.2011
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no
padlock