Siste nytt

Skip Navigation LinksLivet i Bømlo - nyhende > Nyhendearkiv
Nyhendearkiv

Retningslinjer for avvikling av storsamling

I arbeidet med å tidfesta storsamlingar bør ein passa på å rullera både timar og dagar, slik at "belastninga" blir jamt fordelt på klassane.

Mål: 

  • Elevane skal læra å opptre
  • Elevane skal læra å syna respekt for det andre framfører
  • Elevane trener på det å komma inn i, og oppføra seg i ei forsamling
  • Det er viktig at alle klassane deltek for å styrkja samkjensla på skulen
  • Alle elevane bør vere med på ei samling pr. år

 Ansvar:
Ansvaret for samlingane går på omgong etter oppsett plan. Klassestyrar hovudansvaret for storsamlinga.

Innhald:

  • Helsing / Opning v/adm.
  • Fellessong (overhead)
  • Blikkfang (noko som fangar interessa)

Tema:
Skal verka samlande, bør ha ein bodskap. Programmet kan fortelje dei andre på skulen om noko av det klassane driv på med (bør ikkje vere for "show-prega").
 
Tid: 
Ca. 15-20 min.

Avslutning v/Administrasjonen, t.d. informasjon og minna om utgongsprosdedyre.

Orden:

  • Læraren som har timen skal samla elevane i klasserommet for samlinga
  • Dei skal gå i samla tropp til gymsalen
  • Læraren skal sitja med sine elevar under framføringa.
  • Elevane skal nytta følgjande inngongar:
    8.-10. kl - hovudinngong til gymsal
    5.-7. kl. - hovudinngong til basseng
    1.-4. kl. - baksida av gymbygg
  • Alle skal ta av seg sko og ytterjakker
  • Klassane har faste sitjeplassar
  • Mellomtrinnet skal gå inn før småskulen og ungdomstrinnet. Småtrinnet skal gå ut før mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Ungdomstrinnet går etterpå, før mellomtrinnet
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 16.01.2010
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no