Team I

Me har husvære i gamle prestebustaden ved Rådhuset. Her har 14 arbeidstakarar og 5 arbeidsleiarar sin kvardag.

Kjenneteikn for teamet er at arbeidstakarane skal ha det trygt og trivast, bli møtt med respekt, ha ein strukturert kvardag og forutsigbarhet. Me er opptatt av at arbeidstakarane skal ha medbestemmelse og valgmuligheiter og delta i saker som har med dei å gjera.

Det er og viktig for oss at dei blir mest mogleg sjølvstendige og myndiggjorde. 2 gonger i året blir alle arbeidstakarane innkalla til eit samarbeidsmøte. Alle skal bli møtt på sitt nivå og få utfordringar som fører til meistring og motivering.

Me arrangerer open dag ein gong i året, her sel me ting som me har laga og kaffi og kaker. Før jul har me grautfest for alle saman.

Aktivitetar i teamet:
Forming, skrive- og talltrening, datatrening, spel, teikning, makulering , faste huslige oppgåver , hobby, bingo, leik, teiknspråk, dans, trim, musikk, idrettsdag, turar, hagedag og andre uteaktivitetar.

I teamet har me kompetanse på ulike kommunikasjonsmetodar, blant anna teikn til tale som nyttast dagleg. Me har mykje erfaring med å utarbeide dagsplanar og kommunikasjonspermar mellom heim og arbeid. Alle er kreative og opptatt av å finne aktivitetar tilpassa den enkelte. Me har også erfaring med å førebyggja konfliktar og møta utfordrande åtferd.

Vårt motto er medbestemmelse og respekt.

 
Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 02.05.2012