Johan Vespestad var den første som fatta interesse for grønsteinen i Langevågsområdet. Johan fant fleire stykkjer stein under dyrkningsarbeid i Sokkamyro på garden sin, og såg at desse måtte ha vore bearbeidd av menneskehender. I 1897 og -98 tok han så nokre av steinane med seg til Bergen Museum. Der fekk den nyutdanna arkeologen Haakon Shetelig interesse for grønsteinane, og han reiste til Bømlo våren 1901 for å gjera vidare undersøkingar saman med Johan Vespestad. Mengden av funn var imponerande, og Shetelig forstod at han stod overfor ein svært spesiell lokalitet frå våre tidlegaste tider her i landet.
Den legendariske Knut Fægri, professor i historisk botanikk, vart seinare sentral i tolkinga av dei ulike laga av avsetningar frå busetnadane. Desse hadde til ulike tider vore under sjøen, og ved hjelp av m.a. hans pollenanalysar kunne ein forstå samanhengen mellom ulike havnivå, busetnader og kva typar vegetasjon og temperaturar våre forfedre levde i til ulike tider. Pollenanalysane viste og at grønsteinsreiskapane hadde lege i Sokkamyrå i 5-9 tusen år, og mengdene viste at dette måtte ha vore ein svært travel arbeidsplass. Nokre ville kalle dette for verdas første industrilokalitet i og med den lange tidsperioden dei nytta same teknologi for utvinning av grønsteinen. I Noreg var dette den andre utgravinga av ein steinalderlokalitet.
Haakon Shetelig sat likevel att med eit stort spørsmål; han kunne ikkje finna ut kor steinalderfolka hadde funne denne eineståande steinen med eigenskapar det ikkje fanst maken til i heile landet. Haakon, med fleire andre arkeologar og geologar, leita over heile Sunnhordland utan resultat. Men etter 22 år blei steinbrotstaden oppdaga ved eit tilfelle sommaren 1923;
Arkeologen Johs. Bøe og geologen Nils Kolderup var på Langevåg på utgravingar, og prøvde ei kveldsstund fiskelykka ute i Nordøyane saman med Arnt Hovland. Då dei dorga forbi Hespriholmen, la dei merke til dei to store gropene i fjellet på vestsida av Hespriholmen. Arnt forklarte dette med sagnet om trollet som hadde sett seg ned der og laga "revaspor", men Bøe og Kolderup fekk sin gryande mistanke stadfesta då dei klatra opp til dei karakteristiske gropene. Tusenvis av år etter at steinbrotet gjekk ut av bruk og ut av folks medvit, vart det gjenoppdaga. Grønsteinsbrotet på Hespriholmen var endeleg funne att.
Haakon Shetelig var i Sverige då dette hende. Då han fekk det entusiastiske telegrammet frå Bøe og Kolderup, reiste han snarast tilbake til Bømlo. Vel framme lånte han seg ein robåt og fossrodde ut til Nordøyane. Då folk seinare var ute og såg etter han, sat han tenksam over steinbrotet i Hespriholmen og let tankane fara til farne tider. Kjensla hans må ha vore overveldande!
Lenker:
http://www.bomloturogsogelag.no
Kjelder: Haakon Shetelig og Bømlo tur- og sogelag/Leidarsteidn