Siste nytt

Skip Navigation LinksBømlo > Historikk > Blia

Blia

Bliamonumentet
Bliamonumentet like ved Bremnes kyrkje.

Bliamonumentet like ved Bremnes kyrkje.
 
Under krigen, spesielt dei første åra, var Bømlo mykje brukt som base for Shetlandsfart. Med plassering heilt vest i havet og med tusen holmar og skjer der ein kan gjøyma seg, var dette ein ideell plass. Det er ikkje få motstandsfolk, og lokale patriotar som har tatt vegen over havet, anten for å verva seg, eller fordi dei måtte rømma landet.

Om natta den 11. november 1941 drog Blia ut frå Øklandsvågen i eit forferdeleg uvær, det var 43 menneske om bord. Skipet hadde eigentleg hatt mange fleire passasjerar, men ein del vart sett i land att. Dette fordi det ikkje var plass, særleg ikkje under dei værtilhøva som var denne natta. I Nordsjøen gjekk det gale, skipet vart sannsynlegvis knust av bølgene, og 36 av passasjerane og 7 mann frå basen på Shetland omkom. Fem av desse var heimehøyrande i kommunen vår. Dette var det største forliset under Englandsfarten.
 

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 09.11.2011
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no