Den 11. februar 1650 vart "et Quindfolc ved naffn Ingeborg Ollsdatter" sikta i ei sak om trolldom og hekseri. Ingeborg var truleg fødd i Bergen, men hadde store delar av livet dratt omkring i Sunnhordlands-bygdene og tigga, særleg i bygdene på Bømlo. Ho busette seg til slutt med mannen sin på garden Sætre i Moster sokn. Det var også her lensmannen pågreip ho, etter "almuens begjæring" 12. januar 1665.
I dag kan me le av skuldingane Ingeborg vart utsett for, men den gongen var dette ein kamp på liv og død. Mange omreisande skremde fastbuande med truslar, om dei ikkje fekk den beste melka eller dei beste kjøttstykka. Ingeborg var særleg glad i øl, og skulle alltid ha det beste og sterkaste av ølet. Etter at folk hadde sett seg lei på dette, stemna dei ho for hekseri.
Dette var ei vanleg løysing på problema med "farande folk". Det var ikkje måte på kva folk hadde opplevd i denne saka, stort sett var det kyra deira det gjekk utover, men folk hadde og opplevd galskap og sjukdom etter at Ingeborg hadde vitja garden. Ein mann fortel at den beste kua hans (han hadde forøvrig berre ei ku...) vart sjuk like etter at ho hadde dradd frå garden, og han besemmte seg då for å slakte henne. Då han gjorde dette, var kjøtet på bakfoten heilt blått, og han kunne ikkje skilje huden frå kjøtet. Då han skar opp kjøtet viste det seg at det låg ein levandes ting inni. Tingen hadde fire bein, øyre som ei mus og hovud som ein orm.
Sjølv ektemannen til Ingeborg vitna mot henne, og påstod at ho hadde tvinga han til ekteskap, grunna leiermål før ekteskapet. (Dette var han kan hende med på sjølv)? Elles hadde ho lyst bann over ein fiskemiddag, så han vart sjuk i fleire dagar. Han hadde aldri sjølv sett ho gjera trolldom, då dette kunne føra til at han sjølv vart mistenkt for å være trollkyndig.
Det vart gjennomført tre rettsaker, der antall vitne auka for kvar gong, over tredve vitnemål vart ført mot Ingeborg, men ingen til hennar forsvar! Den 29. april vart ho av retten på Kyvik/Stord dømd til å "straffes paa hendes liv til baal og brand," noko som ville seie å brennast på bål. Eigentleg skulle dødsdommar godkjennast av landstinget, men dette tok lang tid. Og i heksesaker var det om å gjera å få heksa av vegen før ho gjorde meir gale, så det var sjeldan denne lova vart følgt. I tre veker fekk dei "mestermannen" (bøddelen) til å pine henne (dette kosta riktignok fire riksdaler, men vart gjort i beste hensikt), då ho ikkje lenger hadde noko å tapa på å seie sanninga. Ho innrømma aldri skyld, og namngav heller ingen andre "hekser".
Den 21. mai vart ho bunde til ein stige og kasta inn i bålet. For dette fekk mestermannen betalt både for jobben, stigen og tauet, men veden hadde dei derimot fått gratis.