Klaffetelegrafen. Frå gjenopninga.
Den gamle losvarden ved Sønstabøvågen har i seinare år fått selskap av klaffetelegrafen, ei optisk signalinnretning frå Terje Vigen si tid. Det var under napoleonskrigen, 1807-14, at den såkalla kysttelegrafen vart bygd frå Christiania til Bergen for å varsla fiendtlege åtak mot kysten.
Klaffetelegrafen slik han her står, er bygd etter originalteikningar frå 1809 og vart reist sommaren 2000. Masta, som rett nok er noko lågare enn den opphavlege, står heile året, medan telegrafmaskinen vert teken i hus i vinterhalvåret slik praksis var for snart 200 år sidan.
Vil du veta meir om dette kulturminnet, kan du klikka på lenka nedanfor, eller du kan ta turen til Sønstabøvågen og studera infotavla ved telegrafen. Parkerer du nede i vågen, finn du vegvisar halvvegs oppe i Vågabrekko.
Nettstaden "Landskap gjennom Tid" tilbyr deg forresten ei meir omfattande kulturløype i området. God tur!
Kontakt:
Torleif Meling, tlf 53 42 08 73