Siste nytt

Formannskapet

Formannskapsmedlemer og varamedlemer i perioden 2011 - 2015

Formannskapet er på vegne av kommunestyret kommunen sitt sentrale styringsorgan, med eit særleg ansvar for økonomi- og plansaker. Det gjer i tillegg vedtak i ei rekkje saker etter fullmakt frå kommunestyret. Formannskapet har også mynde å gjera vedtak i saker som skulle vore avgjort av anna kommunalt organ, når det ikkje er tid til å innkalla dette, jf. kommunelova § 13. Formannskapet er kommunen sitt klageorgan.

Møta i formannskapet vert leia av ordføraren. Møtebøkene som vert ført av formannskapssekretæren er å finna i denne portalen, sjå vedkomande møte. Formannskapet møter til vanleg ein gong i månaden, med unntak av juli og august. Møta vert haldne i formannskapssalen i tredje høgda på rådhuset. Møta tar til kl 12.00, og er opne for publikum, sjå møteplan og annonsering i avisene.

Saksdokument som ein finn i portalen, sjå menyen Innkallingar og møtebøker, kan ein også få ved å venda seg til Fellessekretariatet på rådhuset eller på hovudbiblioteket på Svortland.

Lenker:
Reglement for formannskapet
Delegeringsreglement
Sekretariat
Gruppeleiarar

Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 02.05.2013

Kva skjer

Neste politiske møte

BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no
padlock