Magne Raknes er tilsett som nærings- og utviklingssjef i Bømlo kommune frå 1. juni 2006. Han har ansvar for samarbeidet mellom det lokale næringslivet og kommunen, og for å leggja tilhøva til rette for ei positiv utvikling både av næringslivet på Bømlo og lokalsamfunnet.
Nærings- og utviklingssjefen skal;
- marknadsføra kommunen som ein attraktiv næringskommune
- styrkja kommunen si rolle som næringsutviklar
- utvikla interkommunalt og regionalt næringsretta arbeid
- utvikla rettleiingstenesta for nyetablerarar i kommunen
- vera aktiv i forhold til lokale, regionale, nasjonale og internasjonale rammevilkår
- vera aktiv i forhold til EU sitt verkemiddelapparat og aktuelle nasjonale verkemiddel
- vera aktiv i forhold til å etablera og utvikla nettverk mellom næringslivet i kommunen og regionen
- vera kommunen sin representant i Bømlo Næringsråd
- vera aktiv i relasjonen skule - næringsliv
- bidra til auka kommunal identitet gjennom utvikling av grendene i kommunen
- utvikla samarbeidet mellom lag og organisasjonar både horisontalt og vertikalt i kommunen
- utvikla samspelet mellom kultur og næringsverksemd
Kontaktinformasjon:
Besøksadresse: Bømlo rådhus
Telefon: 53 42 30 55
Mobil: 90 07 79 56
E-post: magne.raknes@bomlo.kommune.no