Siste nytt

Skip Navigation LinksNæringsliv > Tenester A - Å

Funksjonshemma, oversikt over tenester, tenesteomtale

Målgruppe 
Funksjonshemma og deira pårørande.   
 
Formål med tenesta 
Målet er å gje eit samla oversyn over dei kommunale tiltak og tenester som kan vera mest aktuelle for funksjonshemma, inklusive psykisk utviklingshemma og menneske med psykiske lidingar. 
 
Tenesta gjeld 
Tenestestandard for pleie- og omsorgstenester          

Personar med ulike funksjonshemmingar skal så langt råd er kunne nytta seg av dei tiltak og tenester som er oppretta for funksjonsfriske. Offentlege organ har og ansvaret for at tiltak og tenester skal vera tilrettelagte for så vel funksjonsfriske som for funksjonshemma.
 
Det er likevel oppretta ei rekke tiltak og tenester som er retta inn særskilt mot funksjonshemma, barn, unge og eldre - nokre av dei også mot pårørande, som t.d. avlastingsordningane. Mange funksjonshemma finn det vanskeleg å finna ut kva tiltak og tenester som er lagt til rette for dei, og kva vilkår som gjeld for å få hjelp. Ver merksam på at dei fleste tiltaka gjeld personar med ulike funksjonshemmingar, og er uavhengig av alderen din. Kommunen kan likevel i nokre høve ha tiltaka organisert slik at tenesta til funksjonshemma eldre vert ytt gjennom omsorgsområda, medan tenesta til yngre funksjonshemma vert ytt frå sosial- eller helsetenesta.  Dette går fram av tenesteomtalane i kvart einskild høve.
 
Gjennom dette kortfatta samleoversynet ønskjer me å hjelpa deg til å sjå kva tenester som det er mest vanleg å kunne gjera seg nytte av.  Ver merksam på at opplistinga ikkje er komplett. Mellom anna vert det frå folketrygda ytt ei rad tenester til funksjonshemma. 
 
Kva er kravet for å motta tenesta 
Dette er det gjort nærare greie for under kvar tenesteomtale.   
 
Kva gjer kommunen 
Sjå under kvar tenesteomtale.   
 
Korleis søkja tenesta 
Under finn du stikkord for kvart tenesteområde som kan vere aktuell. Ved å klikka på tenesteomtalen kan du lese nærare om målgruppe, føremål, omtale og saksgang.
 
Sosialtenesta:
Råd og rettleiing der du kan få hjelp til å løysa ulike problem eller til å finna ut kvar du kan venda deg for å få hjelp.    

Støttekontakt som kan gjera det lettare for deg å ta del i ulike fritidsaktivitetar og sosialt liv.        

Avlasting som gjev pårørande med omsorgsoppgåver avlasting i den daglege omsorga av funksjonshemma barn og unge.           

Trygde- og omsorgsbustad er tilrettelagte bustader for funksjonshemma, som kommunale utleigebustader eller i regi av burettslag. 

Lån og tilskot til bustad gjer det mogleg å kjøpa eller byggja tilrettelagt bustad for funksjonshemma, eller å tilretteleggja bustaden din for funksjonshemming.

Bustøtte er eit økonomisk tiltak som kan avhjelpa høge bukostnader.           

Arbeids- og aktivitetstilbod gjev funksjonshemma arbeidstrening eller aktivitetstilbod på dagtid.      

Transportordning gjer det mogeleg å nytte drosje for fritidsreiser, dekka av fylkeskommunen.        

Parkeringsløyve gjer det mogeleg for funksjonshemma/pårørande å parkere gebyrfritt og på særskilt tilrettelagte parkeringsplassar.

Pleie- og omsorgstenesta:
Heimehjelp er ei ordning som gjev hjelp til nødvendig reinhald i heimen, innkjøp m.v. 

Heimesjukepleie vert ytt dei som treng hjelp til sjukepleie, inkl. hjelp frå psykiatrisk sjukepleiar. 

Korttids- og rehabiliteringsplassar gjev opphald ved institusjon for kortare tid, eller rehabilitering etter operasjon, skade eller lignende.        

Omsorgsløn er eit økonomisk tiltak som vert ytt til pårørande med eit omfattande frivillig omsorg for funksjonshemma barn eller vaksne.           

Matombringing vert ytt frå omsorgsområda ved at fersk/frosen middag vert levert i heimen din.          

Hjelpemiddel er krykker, rullestol, rullator m.v. som vert lånt ut i samband med sjukdom, skade eller funksjonshemming.
   
Helsetenesta:
Psykisk helseteneste er heimesjukepleie til personar med psykisk liding, samt dagtilbod. 

Helsestasjon yter helseteneste og rettleiing til funksjonshemma og deira foreldre, og oppfølgjing gjennom skulehelsetenesta. 

Fysio- og ergoterapi gjev hjelp i samband med opptrening, hjelpemiddel, tilpassing av situasjonen i heim og på arbeidsplass m.v.

Oppvekst og kultur:
Tilrettelagt undervisning vert ytt funksjonshemma barn som treng særskilte tiltak i skulen. Lenke til PPT.

Fylgjekort gjer det mogleg for funksjonshemma å ha med hjelpar på ulike kulturarrangement utan at hjelpar treng betale inngangsbillett.     

Klage
Du har rett til å påklaga kommunale enkeltvedtak. Dersom du nyttar deg av klageretten, vil ein annan instans enn den som har gjort vedtaket vurdera saka på heilt fritt grunnlag.
 
Klagefristen er tre veker frå du fekk kjennskap til vedtaket.
 
Alle klager skal sendast til den kommunale instansen som har gjort vedtaket. Dersom dei ikkje finn å kunna omgjera vedtaket, vil klagen verta sendt klageinstansen til endeleg avgjerd.
 
Ver merksam på at du som hovudregel har full innsynsrett i alle saksdokument som vedkjem di sak. Innsynsretten gjeld også om du ikkje nyttar deg av retten til å påklaga vedtaket.
 
Kundetorget eller vedkomande saksbehandlar kan gje meir utfyllande orientering om retten til klage og retten til innsyn. Kundetorget kan også hjelpa til med å skriva klagen for deg.
 
Her er nærare informasjon om innsyns- og klageretten.        

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 16.12.2009
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no
padlock