Bømlo folkebibliotek, tenesteomtale

Målgruppe 
Alle innbyggjarane i Bømlo kommune.   
 
Tenesta gjeld 
Bømlo Folkebibliotek sin portal.
 
Bømlo folkebibliotek består av eit hovudbibliotek som ligg på Svortland, og 3 filialar som er lokalistert på Moster nye skule, Våge skule og Hillestveit skule.

Bømlo folkebibliotek kan tilby ei rekke tenester. Biblioteket tilbyr gratis utlån av bøker, dvd'ar, lydbøker, språkkurs, musikk og tidsskrift. Er det ei bok me ikkje har, kan me låna frå eit anna bibliotek. Alle lån kan fornyast dersom det ikkje er venteliste. Dette kan og gjerast over telefon eller på internett via mappa mi.
  
Biblioteket har ei stor notesamling og ei lokalsamling med mykje interessant materiale om kommunen. På lokalsamlinga står det og eit lokalhistorisk klipparkiv. Arkivmaterialet får ein kopiera gratis. Me har alle årgangar av lokalavisa Bømlo-nytt.

På biblioteket får du hjelp til å finna alle typar offentleg informasjon. Har ikkje biblioteket det du leitar etter i trykt materiale hjelper me med å finna det på internett og skriv det ut til deg.

Hovudbiblioteket har to datamaskiner til internett og gratis trådlaust nett til dei som har bærbar PC. Biblioteket yter og andre tenester som kopiering med attestering, og lån av faxmaskin.
 
På hovudbiblioteket er det lesesal, og eit mindre møterom som det er mogleg å reservera og låna gratis. Dette rommet har videoprosjektor.
 
Biblioteket driv og oppsøkjande bibliotekverksemd. Dersom du ikkje har høve til å koma på biblioteket kan biblioteket koma til deg.

Du er alltid velkomen til å ta kontakt med biblioteket dersom det er noko du lurer på.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 19.02.2010
Tilbake
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no