Bømlo kommune skal sikra at barn og unge får naudsyn hjelp og omsorg dersom dei lever under tilhøve som kan skada utvikling og helse og sikra barn i kommunen gode oppvekstvilkår. Dagleg omsorg for barna er foreldra sitt ansvar. Likevel kan det oppstå situasjonar der foreldra eller barna får behov for råd og rettleiing eller anna hjelp. Barneverntenesta skal bidra til å gje det einskilde barn gode oppvekstvilkår og høve til utvikling.
Ansvarsområdet gjeld for barn under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalda hjelpetiltak inntil barnet har fylt 23 år.
Interkommunalt barnevernsamarbeid Bømlo, Stord og Fitjar
Barneverntenesta i Bømlo kommune inngår i eit samarbeid med barneverntenestene i Stord og Fitjar kommune. Den interkommunale barneverntenesta skal jobba med blant anna omsorgssaker der born er plassert utanfor heimen, framleggja saker for Fylkesnemnda, plassera og følgja opp plasserte born, leggja til rette for samvær og gje råd og rettleiing i samband med plassering.
Bømlo kommune har framleis ei teneste som skal jobba med barn og unge i kommunen. Denne tenesta skal blant anna halda fram med å følgja opp dei saker som ikkje vert flytta til det interkommunale teamet, jobba førebyggjande, følgja opp hjelpetiltak o.s.v.. Bømlo barnevernteneste er lokalisert saman med PPT i Barne- og ungdomskontoret i bygninga framom rådhuset.
Lenker:
Tenesteomtalen
Skjema for melding om bekymring
Lov om barneverntenester
Her finn du SIB
Sunnhordland Interkommunale Barnevernteneste, Bømlo, Fitjar og Stord (SIB) har hovudkontor i rådhuset på Stord. Kontortid er: 08.00 - 15.30.
Kontakt:
Sunnhordland Interkommunale Barnevernteneste
Postboks 326
5402 Stord
Telefon: 53 49 69 24 eller 53 49 69 30
Meldingsskjema:
Stord kommune
Bømlo kommune
Familievern
Les meir om Familievernkontoret her.