Kultur og fritid

Bømlo kommune har eit blømande kulturliv og vakker natur som innbyr til eit aktivt friluftsliv. I Bømlo-portalen finn du mykje informasjon om kva som skjer på Bømlo, reiseliv, idrett, friluftsliv m.m.

Bømlo kulturhus vart tatt i bruk 8. oktober 2005, og bygdatunet i Langevåg sto klart ved årsskiftet 2004/2005. I tillegg finn ein moderne fleirbrukshallar; Rubbhallen, Bømlo vidaregåande skule, Foldrøy og Gilje skular.

Bømlo kulturhus
Langevåg bygdatun
 
Kva skjer på Bømlo?
Sjå kva som skjer på Bømlo kulturkalenderen. Her kan også lokale lag og organisasjonar registrera kulturarrangement i kommunen vår. 

Musikk
Det er eit rikt musikkliv på Bømlo, her er janitsjarorkester, strykeorkester, mange ulike kor, skulekorps, trekkspelklubb med meir.

Teater
Bømloteateret og Bømlo Musikal Laug er svært aktive med store og små teaterframsyningar gjennom heile året. Mostraspelet vert framført kvar vår, og i august har Lauget sett opp store musikalar som Hair, Jesus Christ Superstar, Les Misérables og Miss Saigon. 

Bømloteateret/Mostraspelet
Bømlo Musikal Laug

Idrett
Idrettsaktiviteten er stor, med fotballag, friidrett, handball, sportsdykking og mange andre idrettsgreiner. Den vakre naturen på Bømlo inviterer til eit rikt friluftsliv. Her finn du eit stor utval av flotte turstiar m.a. Nordsjøløypa, og frå Siggjo har ein utsikt til heile Sunnhordland.  

Moster Amfi
Moster Amfi er ein utandørsscene med plass til om lag 1200 menneske, der det vert framført teaterstykke og halde konsertar. Anlegget innheld og ei permanent, vakker kyrkjehistorisk utstilling, konferansesal og kafé.  

Moster Amfi

Bømlo kulturskule
har om lag 550 elevar, og tilbyr instrumentalopplæring på mange ulike instrument. Kulturskulen gjev óg undervisning i biletkunst, teater og dans.

Bømlo kulturskule

Bømlo folkebibliotek
Biblioteket har ansvar for utlån av bøker, notar, lokalhistorisk materiale, lydbøker, videoar, CDar, språkkurs, tidsskrift og aviser, kommunale, fylkeskommunale og statlege publikasjonar. På biblioteket finn du datamaskinar med internett og til anna bruk. Ein del av aktiviteten er utstillingar.  

Bømlo folkebibliotek

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 02.10.2009
Tilbake
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no