Bømlo Næringsutvikling er ein interesseorganisasjon for næringslivet på Bømlo. Kontakt næringssjef Magne Raknes for meir informasjon.
Brønnøysundregistrene
Ulike skjema frå Bønnøysundregisteret finn du her.
Etablerarar kan få rettleiing frå mange kjelder, mellom anna kan Samarbeidsrådet for Sunnhordland hjelpa til. Også Innovasjon Norge har kontor i alle fylke og gir informasjon om støtteordningar. Bømlo vaksenopplæring tilbyr eit jobbskapingskurs, sjå www.bomloskulen.no, Skular, Bømlo vaksenopplæring.
Bedin (offentleg nasjonal teneste)
er ein nettstad for gründarar og bedrifter med formål å gjera det enklare å starta og driva bedrift. Bedin gir all informasjon om korleis ein etablerer bedrift, og har ei rekkje nyttige verktøy, guidar og malar for betre og enklare forretningsdrift. Tenesta vert driven av VINN for Nærings- og handelsdepartementet.
Narviktelefonane (800 33 840)
Narviktelefonene er ei gratis nasjonal telefonteneste som gir svar til gründarar og bedrifter om etablering og drift av næringsverksemd. Erfarne bedriftsrådgjevarar gir svar i kontortida. Narviktelefonane er søstertenesta til www.bedin.no. Tenesta vert driven av VINN for Nærings- og handelsdepartementet.
Etablerer.no
Nettstaden Etablerer.no er eit offentleg finansiert gratistilbod for gründarar. Målsettinga er å hjelpa etableraren med ein forretningsplan, og dermed ei avklaring på om forretningsidéen er god nok for bedriftsetablering, og vidare at planen er av så høg kvalitet at han tilfredsstiller krav til finansiering og liknande.