Skip Navigation LinksKommunalt

Om Tora Mostrastong

Statue av Tora Mostrastong
Tora Mostrastongstatue

(ca. 910 -970) frå Moster. "Hill deg møy mellom møyar, vern om deg Nana".

Kven var Tora?

Tora Mostrastong (Thora Mostaff) vert omtalt av Snorre. Ho høyrde til ei av dei gjævaste ættene på Vestlandet i vikingtida, Horda-Kåreætta frå Moster. Såleis var ho i slekt med både Ramna-Floke, den lovkunnige Torleiv Spake og Erling Skjalgsson frå Sola. Tora tyder"den kjempesterke", og Tora var ei staut og svært vakker kvinne. Tilnamnet "Mostrastong" fekk ho truleg av di ho var høgreist og stolt.

Harald Hårfagre var konge i Noreg ca. 872-933. På Moster møtte han Tora som tidleg kom i kongen si teneste. Sjølv om ho var rekna som tenestejente, var Tora alltid medviten om kva ætt ho kom frå.

Då Harald Hårfagre var rundt 70 år gamal, fekk han og Tora ein son. Tora visste å krevja sin rett og reiste til kongsgarden på Seim då tida for fødselen nærma seg. Guten vart fødd på vegen dit (på Håkons-hella), og Sigurd Jarl auste vatn over han og gav han namnet Håkon etter sin eigen far, Håkon Ladejarl. Tora hadde stor omsorg for kongsemnet Håkon. Som 10 åring vart han send til kong Adelstein i England for å bli oppfostra der. Dette gav han tilnamnet Adelsteinsfostre. Då han var rundt 20 år, kom han attende til Noreg og tok over kongemakta frå bror sin Eirik med tilnamnet "Blodøks".

 

Håkon styrte landet til han døydde etter slaget på Fitjar i 961. Han var ein kunnskapsrik og stort sett folkekjær konge som fekk tilnamnet "Den gode". Håkon den Gode vert rekna for grunnleggjar av leidangen - eit forsvarssystem for landet. Han gav Gulatinget ny kraft og styrkte samlingsverket som far hans hadde utført, og han starta også kristningsverket i Noreg. Tora var trufast ved sonen si side og fullførte "kallet" som kongsmor.

 

Bronsestatuen av Tora er laga av kunstnaren Arne Mæland og vart avduka på Moster i 2004 av skodespelar Agnethe G. Haaland. Statuen skal vera eit symbol på den sentrale rolla kvinner har spela i samfunnet gjennom tidene, men som diverre har fått så altfor liten plass i historiebøkene. Vikingkvinna Tora Mostrastong har nok spela ei meir sentral rolle i vår historie enn dei fleste anar.

 

Kvinner i vikingtida

I soga vår er det oftast menn og deira bragder som er omtalte og formidla til komande slekter, men me veit at kvinner har spela sentrale roller i alle samfunn til alle tider, så også her hos oss, sjølv om historiebøkene våre ikkje har spandert mange linjer om deira sentrale rolle både som kulturberarar og politiske strategar.

 

På Bømlo finn me heller ikkje mykje opplysning om profilerte kvinner i historisk samanheng før i moderne tid. Eit fornminne etter ei utgraving under Setrehidleren i 1932 er eit unntak. Ein beinkam med urnordisk runeinnskrift er eit kulturhistorisk klenodium.

 

Buplassen Setre ligg like ved Roaldsfjorden  på vestsida av Bømlo. Der vart gjort funn frå både steinalder og jernalder (fram til folkevandringstida 400 -550 e.Kr.). Mellom funna som vart gjorde, var ein kam og ei bronsespenne frå siste del av denne perioden.  Runeinnskrifta på kammen er i sein, urnordisk eller tidleg, norrøn språkform (550-600). "Hal mar mauna alu na, alu nana",  som tyder noko i retning av "Hill deg møy mellom møyar, vern om deg Nana". Desse funna med tilhøyrande inskripsjon er truleg den eldste hyllest til kvinna som finst på Bømlo.

Kvifor ein pris i Tora sitt namn?

Tora Mostrastong fekk i 2001 sitt eige historiske spel skrive av Johannes Heggland. Det er eitt av Håkonarspela og vart framført av Bømloteateret både i Moster Amfi kvart år i mai og under opninga av Trekantsambandet.

I 2008 tok ei gruppe initiativtakarar (m.a. Johannes Heggland og tidlegare stortingsrepresentant og fylkesmann i Hordaland, Håkon Randal) initiativ til å etablera ein eigen pris i Tora sitt namn. Dei ønskte med dette å heidra dei eigenskapane som Tora stod for og samstundes synleggjera kvinner sine roller i historia og i samtida. Det er valt eit styre for prisen.

Prisen vil bli delt ut frå og med 2009 i samband med premieren på Mostraspelet. Prisen vil ikkje kjenna geografiske grenser og kan difor gå til ei kvinne kor som helst i verda. Verdiar som vil leggjast vekt på ved tildelinga er m.a.: Mot, styrke, ivaretaking av menneskerettar og omsorg for trengjande. Kulturbering og sammfunnsbygging er òg viktige verdiar som styret vil vektleggja i si vurdering.

Toraseminaret

I samband med utdelinga av "Tora Mostrastongprisen" skal det og haldast eit eige seminar, "Toraseminaret". Til seminaret vil styret invitera førelesarar som kan gje ei ramme rundt prisutdelinga. Føremålet er at seminaret skal bidra til å fremja kunnskap om m.a. ulike samfunnshøve som i tidlegare tider - og i vår tid - dannar premissane for ulike kvinneroller, og for dei utfordringane som kvinner i ulike samfunnslag og livssituasjonar står overfor. Det er von om at prisen og seminaret saman skal styrkja det arbeidet som føregår kring det kyrkjehistoriske senteret som alt er bygd opp rundt Moster kyrkje, Moster Amfi og Mostraspelet / Bømloteateret.
 

 

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 23.11.2009
  • Utskriftsvenleg versjon

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3201.61.51687
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no
padlock
padlock