Siste nytt

Skip Navigation LinksBygge og bu > Eigedomsskatt > Berekning av eigedomsskatt

Berekning av eigedomsskatt

Berekning av eigedomsskatt
For å gjennomføra takseringa av eigedomane i Bømlo valde sakkunnig nemnd å nytta ein metodikk som er brukt av mange andre kommunar. Taksten er fastsett ved hjelp av fem hovudelement:

  • Takstgrunnlag
  • Sjablongverdiar på eigedom og bygg
  • Sonefaktorar
  • Skjønsfaktorar: Ytre og indre faktor
  • Eventuelle justeringar på takst, der dette har vore naudsynt (korreksjonsprotokoll) 

1.    Takstgrunnlag
Opplysningar om adresser og areal på bygningar og tomter er henta frå ulike statlege og kommunale register, og oppsummert i Matrikkelen. Der det manglar arealopplysningar i Matrikkelen eller andre register og kommunen manglar teikningar i byggesaksarkivet, har kommunen nytta tilgjengeleg kartverk og utvendig synfaring med kontrollmåling av bygg. Det er difor særs viktig at arealopplysningane i detaljert grunnlag takst og skatt er rette.

2.    Sjablongverdiar
Sakkunnig nemnd har utarbeidd rettleiande sjablongverdiar for grunn og diverse typar bygg. Ved utrekning av eigedomsskatten er nytta rein faktaopplysningar frå Matrikkelen saman med sonefaktor og sjablongverdiar. Sjablongen omfattar følgjande:
 
Etasjefaktorar for bustad, fritidsbustad, terrassehus og bustadblokker: Etasjar/etasjefaktor: Hovudetasje: 1,0. Loft:0,2. Underetasje og kjellar: 0,2.
 
Gjennomsnittsverdiar på tomter og hovudetasjar på bygningar (bruksareal på bygning), sjå tabell i slutten av artikkelen.

Fleire opplysningar om sjablongverdiar finn ein i Rammer og retningslinjer for taksering i henhold til lov om eigedomsskatt på heimesida til Bømlo kommune.

3.    Sonefaktorar
Sakkunnig nemnd har delt kommunen inn i ulike soner. Kart som visar sonefaktorane finn du her.
 
For nærings- og industrieigedomar er sonefaktor 1 for heile kommunen.

4. Skjønsfaktorar
Indre fakto (IF): Tilhøva på eigedomen. Desse faktorane er vurdert av synfararane som har vore på eigedomen.

Ytre faktor (YF): Tilhøva rundt eigedomen.

5.    Korreksjonsprotokoll
På nokre eigedomar har sakkunnig nemnd nytta korreksjonsprotokoll for å koma fram til takst for ein eigedom. Dette vil gå fram av opplysningane i taksten og takstgrunnlaget som ligg ved brevet som er sendt alle eigarane med fast eigedom i kommunen. Når areal i bygget har anna bruk enn bygget sin hovudfunksjon, kan ei få reduksjon eller auke i taksten. I samsvar med Lov om eigedomsskatt § 5h, er landbrukseigedomar med konsesjonsplikt gitt 20 % reduksjon i taksten.
 
Takstgrunnlag
Dersom kommunen har nytta feil faktaopplysningar ved utrekning av eigedomsskatten, må eigar kontakta eigedomsskattekontoret så snart råd er. Eventuelle faktafeil vert retta ved framlegging av dokumenterte teikningar av bygg eller målebrev over tomt. For meir informasjon, kontakt Bømlo kommune, Eigedomsskattekontoret, 5430 Bremnes.

NB: Ved spørsmål om takst og takstgrunnlag må du oppgje Gnr./bnr./fnr./snr. når du vender deg til kommunen. 

Spørsmål om og klage på eigedomsskatten kan sendast til eigedomsskatt@bomlo.kommune.no.
 
Målereglar og arealberekning 

Rammer og retningslinjer for taksering

Sonefaktorkart

 
Sjablongverdiar
Sjablongverdiar
Tomter og bygningarKr
Einebustad, tomannsbustad10.000
Einebustad med sokkelleiligheit (112)10.000
Rekkjehus, kjedehus, andre småhus10.000
Terrassehus og blokker10.000
Våningshus10.000
Rorbu15.000
Fritidsbustader10.000
Fritidsleiligheiter10.000
Bustadgarasjar, uthus, vinterhage og naust2.000
Industri3.000
Lagerbygning, isolert3.000
Lagerbygning, uisolert3.000
Carport500
Fiskeri- og landbruksbygningar2.000/0
Kontor- og forretningsbygg6.000
Hotell og restaurant4.000
Samferdsel- og kommunikasjonsbygningar4.000
Kultur- og forskningsbygningar4.000
Helsebygningar4.000
Fengselsbygningar, beredskapsbygningar m.v.4.000
Normaltomt, bustad50
Tomt, næring50
Tomt fritidsbustad100
Tomt, regulert til næring, med både bustad- og næringsbygg50
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 15.01.2010
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no