Informasjonssjefen i Bømlo kommune har som hovudoppgåve å fremja kommunikasjonen mellom kommunen og innbyggjarane og internt mellom leiinga og dei tilsette. Ein viktig del av arbeidet er å leggja til rette for at publikum og media har innsyn til offentleg informasjon, og å gjera tenestetilbod kjend og tilgjengeleg. Informasjonssjefen er også webredaktør for Bømlo kommune sine nettstader på internett og intranett.
Informasjonssjef: Simon Knutsson Sortland,
dir. 53 42 30 62 mob. 416 33 702