Sverre Olav Svarstad
Gruppa er ansvarleg overfor politisk nivå og for saker som skal til politisk behandling. Rådmannen og kommunalsjefane har ansvarsområde på tvers av fagleg og organisatorisk inndeling med fokus på strategi og utvikling.
Dei har ansvar for å følgja opp leiarane, og for samspelet mellom politisk og administrativt nivå. Kommunalsjefane opptrer med rådmannens mynde både i dei politiske utval dei vert tildelt ansvaret for og i den del av organisasjonen som dei vert tildelt leiaransvar for.
Sentrale oppgåver er:
-
Ansvar for saker som skal leggjast fram for folkevalde organ
-
Oppfølging og igangsetjing av vedtak gjort i folkevalde organ, og bestilla desse tenestene hos rette vedkomande i organisasjonen
-
Skapa ein god serviceorganisasjon tilpassa innbyggjarane sine behov
-
Informera om kommunal verksemd og tenester
-
Leia og koordinera den administrative verksemda i kommunen samt å utvikla tenesteproduksjonen i kommunen
Ansvar for tilrettelegging av utvikling/opplæring av medarbeidarar
-
Strategi og planlegging
-
Økonomistyring
-
Internkontroll
-
Beredskapsarbeid
-
Valarbeid
Rådmann og kommunalsjefar har kontor i 3. etasje på rådhuset.
Kontakt:
Bømlo kommune
Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
Telefon: 53 42 30 00
Telefaks: 53 42 30 05
postmottak@bomlo.kommune.no