Søre Bømlo omsorgsområde har base på Bømlo omsorgstun som ligg like ved Bømlo kyrkje på Langevåg. Geografisk omfattar omsorgsområdet den sørlege delen av kommunen, frå Lykling kyrkje i nord til Langevåg i sør, i tillegg øyane Espevær og Geitung.
Området har ansvar for heimetenester i området og drift av Bømlo omsorgstun. Heimetenestene tilbyr heimesjukepleie, heimehjelp, tryggleiksalarm og utlevering av middag. Heimesjukepleien har nattpatrulje som har base på omsorgstunet.
Institusjonen har 10 sjukeheimsplassar og 2 korttidsplassar. Institusjonen skal vera heimen til brukaren, der brukaren får fagleg hjelp og oppfylging.
Kvar tysdag ettermiddag er det "ope hus" med kaffi og vaflar. Pårørandemøte/informasjonsmøte vert skipa til årleg for brukarane på Bømlo omsorgstun.
Institusjonen har ikkje fast visitttid, men pårørande og besøkjande er velkomne når det høver.
Det er dagtilbod til 5 brukarar ein dag i veka. Tilbodet vert drive av aktivitør som er tilsett i delstilling.
Aktivitøren legg til rette for trivselsskapande og meiningsfylte aktivitetar for brukarane i kvardagen, arrangerer sommar- og julefest, der også bebuarane i omsorgs- og trygdebustadane vert inviterte. Institusjonen har også ein årleg basar og besøksavtale med barnehagen.
Lenker:
Heimehjelptenestene i Bømlo
Tenesteomtale Heimehjelp
Tenestestandard for pleie- og omsorgstenester
Kontakt:
Bømlo omsorgstun
5443 Bømlo
Tel.: 53 42 37 60
Faks: 53 42 37 61
Epost: sbo@bomlo.kommune.no