Bømlo Arbeids- og aktivitetssenter BAA as, er eit arbeids- og aktiviseringstilbod for vaksne med utviklingshemming. BAA as gjev trening, opplæring og arbeidstilbod som tek utgangspunkt i den einskilde sine behov og evner. Me set fokus på trivsel og miljø, og har som målsetjing å fremja god livskvalitet.
Arbeidsoppgåver
Me gjev tilbod om ulike arbeidsoppgåver som til dømes: Makulering, pakking, enkle formingsoppgåver osv. Her er ikkje noko produksjonskrav til brukarane.
Fysisk aktivitet
Me tilrettelegg for noko fysisk aktivitet med utgangspunkt i den enkelte sitt behov, bl.a. basseng og turgåing.
Kommunikasjon
Me gjev opplæring i kommunikasjon for dei som har lite verbalspråk.
Sansestimulering
Me legg til rette eit miljø som stimulerer alle sansane; syn, hørsel, smak, lukt, taktil o.s.b.
Personalgruppa er tverrfagleg samansett. Me legg vekt på felles målsetjingar, strukturerte dagsplanar og klare rutinar. Til opplæring og rettleiing nyttar me oss av kompetanse frå den kommunale tenesta og Helse Vest. Me tek imot studentar frå høgskule, lærlingar og elevar frå vidaregåande skule. Gjennom mange års målretta arbeid har me tileigna oss kompetanse på våre arbeidsområde.
Søknadsskjema og nærare opplysningar får du ved å venda deg til Bømlo kommune, som behandler søknader, eller ved å klikka på søknadsskjema for aktivitetssenteret. Søknad om dekking av arbeidskjøring til og frå BAA må fyllast ut og sendast til Hordaland fylkeskommune.