Målgruppe
Heimebuande som treng låna hjelpemidlar for ein kortare periode. Ved varig behov for hjelpemidlar skal det søkjast til NAV Hjelpemiddelsentral. Me kan rettleia deg korleis du skal gå fram, og kven du skal kontakta i høve ein slik søknad.
Formål med tenesta
Å hjelpa brukarane til å kunna bu lengst mogleg heime.
Kvar
Du funn oss i kjellaren på Aktivitetssenteret (bak Bømlo sjukeheim).
Tenesta gjer fylgjande
-
tek imot og leverar ut hjelpemidlar frå korttidslager
-
tek imot og leverar ut hjelpemidlar som kjem frå NAV Hjelpemiddelsentral
-
bringa / henta og montera hjelpemidlar i særskilde høver der brukar sjølv ikkje er i stand til å ordne med det
Kva er kravet for å motta tenesta
Behov for kortvarig lån av enkle hjelpemidlar. Du som har varig behov kan låna frå korttidslageret om naudsynt, i påvente av søknad til NAV Hjelpemiddelsentral om varig utlån.
Kva gjer kommunen
"Me lovar ...":
-
å kontakta deg i løpet av ei veke etter at me har motteke ønskje ditt om hjelp
-
at dersom ambulerande vaktmeister er meir enn ein time forseinka etter avtale skal du få melding
-
at du skal få rask hjelp ved alvorleg og/eller akutt sjukdom
Me forventar at du:
-
sjølv gjera dei oppgåvene du klarar
-
prøver ordner med henting og bringing dersom det er rimeleg
-
gje oss beskjed dersom du ikkje er heime til avtalt tid
Hjelpemiddellageransvarleg kan t.d. ikkje hjelpa deg med vedsaging, snømåking, handverkaroppgåver eller liknande. Slike tenester lyt ein sjølv skaffe seg hjelp til.
Kontakt ambulerande vaktmeister direkte på tlf. 53 42 31 88 eller mobiltlf. 468 23 879.
Ta eventuelt kontakt med omsorgsområdet ditt, eller den ergoterapeut / kommunale fysioterapeut som kjenner deg.