Rett til barnehageplass

Søknadsskjema for barnehageplass

Prisar/betaling

Barnehagelova § 12a;  Rett til barnehageplass:

"Det er kommunen sitt ansvar å fylla retten til barnehageplass. Kommunen må i dimensjoneringa av behovet for tal på barnehageplassar ta omsyn til barnehagen, vedtekter, tilflytting, ynskjer og behov for plassar over og under 3 år".

"Retten til plass frå august gjeld for barn som fyller 1 år seinast innan utgongen av august det året det vert søkt om barnehageplass".

Barnehagane våre har kontinuerleg opptak, men fristen til å søkja barnehageplass f.o.m oppstart av nytt barnehageår er sett til 1. april for å ivareta lovverket om kommunal rett. Kommunen er klageinstans. Kommunen bør difor dimensjonera planlegginga si med at ein har ledig godkjent areal, og at barnehagane dermed kan auka drifta ved behov.

Kriterier:

  1. Born med funksjonshemming - dersom barnet vil ha nytte av opphald i barnehage, jmf. Lov om barnehagar §9.  Krav til dokumentasjon (frå lækjar, psykolog, PPT.)
  2. Born med særskilde og tydeleg klårlagde sosiale-, pedagogiske- eller medisinske problem, der opphald i barnehage kan vera til nytte, hjelp, eller som ein del av behandlinga, eller der stoda i heimen er slik at det er fare for at slike problem kan oppstå.  Dette kan t.d. vera i heimar med vanskelege sosiale tilhøve, heimar med rusproblem m.v.  Krav til dokumentasjon frå PPT, lækjar, barnevernstenesta.
  3. Born til einslege forsytarar utan sambuar, der forsytaren treng plass til barnet, av økonomiske- og sosiale årsaker, og born i familiar med svak økonomi, der, båe foreldra må vera utearbeidande for å greia seg økonomisk.  Krav om dokumentasjon frå trygdeetat el. andre. 
  4. Born til studentar og skuleelevar som tek grunnleggjande yrkesretta utdanning.  Krav frå lærestad eller liknande.
  5. Alle andre søkjarar.  
  6. Dei private barnehagane har eigne vedtekter.  Opptakskriterium er lagt til vedtektene for desse barnehagane. 

Ved opptak skal det takast omsyn til samansetjing av dei einskilde gruppene, slik at det ikkje vert urimeleg tal av born med funksjonshemmingar eller andre særskilde problem i høve til andre, og til gruppene sine personalressursar.
 
Inntaksprosedyre:

  1. Familien (søkjaren) si arbeidstid. 
  2. Familien (søkjaren sine inntekter sett i høve til naudsynte livsopphaldsutgifter, inkl. utgifter til bustad).  
  3. Syskintilhøve.  
  4. Barnet sitt leikemiljø i nærleiken av bustaden, t.d. leikekameratar, trafikktryggleik m.v.  
  5. Søknaden skal sendast/leverast i barnehagen ein søkjer i.  
  6. Søkjarane kan setja opp prioritert ynskje om barnehage.  
  7. PPT-kontoret og instansar innan helse- og sosialseksjonen kan tilrå plassar i barnehagane ut frå opptakskriteria.  
  8. Styrar saman med skuleadministrasjonen gjer vedtak om plass ut frå kriteria for opptak, og ut frå søkjarliste. Sjå i vedtektene til den einskilde barnehage.  Det skal lagast liste over born som ikkje får plass, oppsett etter søknadsdato.  Born som kjem inn under særlege kriterium vert prioritert på eiga liste.  
  9. Dersom born kan ta imot plass i fleire barnehagar, vil dei som hovudregel verta tekne inn i den barnehagen dei har som prioritert ynskje, dersom det er plass.  Dei vil elles få tilbod  i den barnehagen som fyrst har ledig plass. 

Opptakskriteria vert prioritert i den rekkefylgje dei er sett opp.  Avslag på ledig plass på prioritert søkjarliste er enkeltvedtak, og kan påklagast, jmf. Forvaltningslova. 

Oppseiing eller edring av barnehageplass:
Born som har fått plass har denne til den vert sagt opp, eller til barnet tek til i skulen. I bruksåret er det gjensidig oppseiingsfrist på ein månad, rekna frå 1. i kvar månad. Oppseiing skal skje skriftleg, og leverast/sendast barnehagen eller skuleseksjonen.  Manglande foreldrebetaling kan føra til at barnet misser plassen sin. Dei private barnehagane har eigne vedtekter.
 
Når det gjeld permisjon eller endring av barnehageplass, må dette gjevast melding om innan 1. april. Barnehagen har eigne skjema for dette.  Permisjonar/endringar gjennom bruksåret vert berre gjeve i særskilde høve som t.d. endra arbeidstilhøve, svangerskap, sjukdom og lignande  Permisjonane/­endringane må fylgja barnehageåret, og det vert ikkje innvilga permisjon etter 30. mars, eller for einskildmånader med mindre det kan takast inn andre born i perioden.

Sist endra 22.05.2013
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no