Utfylling av søknad om helse- og sosialtenester

  • Fyll ut personopplysningar så nøye du kan. Hugs spesielt å skrive heile personnummeret (11 siffer)
  • Det er viktig at du kryssar av i rett rute når det gjeld den teneste du søkjer. Dersom du har trong for å fylle ut eit ekstra skjema, t.d. når du søkjer om teneste frå Psykisk helse, finn du det nederst på denne sida.
  • Det er særs viktig at du som søkjar eller fullmektig/verje/hjelpeverje eigenhendig skriv under søknaden. Dersom andre enn søkjar skriv under skal det liggje ved fullmakt.    Søknad utan underskrift vert ikkje handsama.
  • For at ein søknad skal kome fortast mogleg fram finn du nederst på sida lenkje til rett adresse.
  • Når det gjeld søknad om fast plass ved sjukeheim skal Barthel ADL-index-skjema alltid fyllast ut av lege/helsepersonell. Søknad om fast plass skal ikkje handsamast utan at dette skjema ligg utfylt ved søknaden.
  • Det kan kryssast av for berre ei teneste på kvart søknadsskjema.
  • Førebels kan søknad om helse- og sosialtenester ikkje sendast elektronisk. Ta utskrift og send eller lever søknaden.
 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 14.01.2010
padlock