Bustøtte i Husbanken, tenesteomtale

Målgruppe 
Eldre, uføre og barnefamiliar med svak økonomi.
 
Formål med tenesta 
Hjelpa eldre, uføre og barnefamiliar med svak økonomi til å skaffa seg eller bli buande i ein god og tenleg bustad. Det er og eit føremål å jamna ut skilnader i inntekt mellom ulike pensjonistgrupper fordi buutgiftene deira er forskjellige. 
 
Tenesta gjeld 
Bustøtte gjennom Husbanken er eit av dei viktigaste økonomiske verkemiddel ein har for at eldre, uføre og økonomisk vanskelegstilte skal kunna skaffa seg eller bli buande i ein god og tenleg bustad. Bustøtta vert ytt frå Husbanken, men kommunen er bustøttekontor og tek imot søknader. For å få bustøtte må minst ein i husstanden ha rett til stønad, og krava til bustøtte vera oppfylte. Deretter er det forholdet mellom inntekter og utgifter som avgjer om det blir gjeve bustøtte. 
 
Kva er kravet for å motta tenesta 
Heile regelverket for bustøtte kan du lesa på Husbanken. Det er 3 søknadsdatoar; 10. februar, 10. juni og 10. oktober. Søkjar må vera over 18 år, men det kan gjerast unnatak for søkjar under 18 år med eige barn. Vidare må husstanden ha minst eit medlem som er;

  • under 18 år
  • person over 65 år
  • person med uførepensjon, grunnstønad, hjelpestønad eller yrkesskadeerstating etter folketrygdlova
  • person som har attføringspengar, rehabiliteringspengar, attlevandepensjon eller overgangsstønad for attlevande etter folketrygdlova
  • person med uførepensjon etter yrkesskadetrygdlova
  • person som mottek annan offentleg alders-, uføre- eller attlevandepensjon
  • person med krigspensjon
  • person med pensjon frå anna EØS-land med same føremål som dei nemnde norske pensjonane
  • person som har ytingar etter lov om sosiale tenester (sosialhjelp) som einaste inntektskjelde, når kommunen meiner at vedkomande har behov for kontinuerleg støtte i minst eit år 

Når det gjeld bustaden, må denne som hovudregel vera heilårsbustad med eit areal på min. 40 kvm, og ha eige kjøken, bad, opphaldsrom, soverom og eigen inngang. For alders-, uføre- og attlevandepensjonistar er det likevel ingen krav til bustaden dersom inntekta deira ikkje er høgare enn minstepensjon pluss 30%. 

Bur du i sjølveigarbustad må denne ha lån frå Husbanken eller frå kommunen ved midlar lånt i Husbanken eller ha etableringstilskot gitt før 1. januar 1996. Bur du i burettslag, er det ingen slike finansieringskrav, heller ikkje for leigd bustad dersom det er barn under 18 år i husstanden. For kommunale utleigebustader er det heller ikkje finansieringskrav. 

Bur du i anna leigd bustad, må bustaden ha lån eller tilskot som nemnt i finansieringskrava for sjølveigarbustad. 
 
Kva gjer kommunen 
Søknad skal sendast kommunen sitt bustøttekontor innan dei fastsette fristane nemnt over.  Er du andelseigar i burettslag er søknadsfristen 8 dagar før. Søknaden skal då sendast forretningsføraren for burettslaget. Kommunen vil kontrollera at søknaden har all nødvendig informasjon før vidaresending til Husbanken. Utbetaling til dei som stettar vilkåra for bustøtte er i mai, september og januar. 
 
Korleis søkja tenesta 
Ta kontakt med bustøtteansvarleg på rådhuset, tlf. 53 42 30 00 for å få nærare opplysningar og eventuell hjelp med å søkja.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 01.10.2009