Målgruppe
Ungdom i aldersgruppa 13 - 19 år.
Tenesta gjeld
Kulturkontoret har ansvar for drift av to kommunale fritidsklubbar. Desse er Langevåg Ten Club på Søre Bømlo og Klubbedubben i Mosterhamn.
Fritidsklubbane supplerer organisasjonstilbodet til ungdom. Dei skal vera trygge og trivelege arenaer, der medlemmene også skal kunna øva og prøva seg i aktiv deltaking i drift og styring av klubben. Medlemsdemokrati, aktiv deltaking, kontakt med nærmiljø og samhandling med dei vaksne leiarane er viktige element i drifta.
Fritidsklubbane følgjer skulerutene.
Langevåg Ten Club
Held til i Langevåg bygdatun
Ope onsdagar frå 19:00 - 22:00.
Klubbedubben fritidsklubb
Moster
Ope onsdagar frå 19:00 - 22:00.
Kva er kravet for å motta tenesta
Fritidsklubbane er for ungdom i alderen 13-19 år.
Gebyr/avgift: Medlemskontingent i fritidsklubbane er kr 150,-.
Kontaktperson:
Elisabeth Knutsen
Tlf. 53 42 30 68
Mobil 91 16 53 77
e-post: elisabeth.knutsen@bomlo.kommune.no