Pasientane sine rettar vert ivaretatt gjennom Pasientrettslova. Formålet med lova er å sikra at alle skal ha lik tilgong på helsehjelp av god kvalitet. Lova tek omsyn til blant anna rett til medverknad og informasjon, barn sine rettar, journalinnsyn og eventuelle klager.
Pasientombodet kan gje informasjon og hjelp både til pasientar og pårørande.
Norsk pasientskadeerstatning, NPE, er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Dei behandlar erstatningskrav gratis, for pasientar som er blitt påført skade av helsevesenet. Norsk pasientskadeerstatning, Postboks 3 St. Olavs plass, 0130 Oslo. Tlf. 22 99 45 00. E-post: npepost@npe.no.
Helsetilsynet er klageinstans om ikkje klagen fører fram lokalt. Snarveg til Helsetilsynet i Hordaland.