Norskopplæring for vaksne innvandrarar

Elevar og lærar | Fotograf: Olav Bjørkum
Illustrasjon vaksenopplæringselevar og lærar fotograf Olav Bjørkum

Bømlo vaksenopplæring tilbyr norskkurs for deg som er ny i Noreg og som ønskjer å læra norsk.
  
Det er både rett og plikt til å delta i 250 timar norsk og 50 timar samfunnsfag for personar mellom 16 og 55 år som søkjer opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslova som grunnlag for busettingsløyve.

Innvandrarar mellom 55 år og 67år har rett, men ikkje plikt til å ta del i opplæringa.

Opplæringa er gratis for dei med rett og plikt til opplæring. Etter søknad kan det gjevast inntil 2700 timar norskopplæring ut over dei obligatoriske 300 timane.

Arbeidsinnvandrarar må betala for undervisninga.

Det er hovudinntak for nye elevar etter sommarferien og etter nyttår, men i einskilde tilfelle kan det vere mogleg å starta opplæringa på andre tidspunkt. Kontakt vaksenopplæringa for meir informasjon.

Lenker:
Tenesteomtale Vaksenopplæring for innvandrarar

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 14.12.2009

Aktuelt

Bilete frå skulane

Lærar og elev | Fotograf: Olav Bjørkum
Lærar og elev
Olav Bjørkum
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no