Barn og foreldre

Bømlo kommune har politiske føringar om å prioritera arbeidet med de yngste borna. Dette samsvarer godt med statlige føringar for tidlig innsats i barnehagar, skular, resten av det kommunale hjelpeapparatet og spesialisthelsetenesta for born og unge.

Førebygging og tidlig intervensjon er et mål for å hindre utvikling av alvorlige vanskar. For å nå dei borna som har behov for hjelpetenester synes det naudsynt med eit anna og breiare tverrfaglig samarbeid. 1. linje tenesta må vera i stand til å ta ansvar for tidlig identifisering, kartlegging og vurdering av barns vanskar og hjelpebehov. Dette samtidig som ein har kunnskap om kva tiltak som nyttar og kan setja inn tiltak, eller vise vidare.

Helsesøster med baby
Helsesøster med baby

I menyen Barn og foreldre finn du tenester som Bømlo kommune har til barn, unge og deira familiar.

Barne- og familietenesta i Bømlo er eige verksemdsområde, og omfattar Helsestasjon, Sosiale tenester med Avlastingsbustad, Psykologisk pedagogisk teneste (PPT) og nyoppstarta Prosjekt.

Snarvegar: Barnehagane i Bømlo, Grunnskulane i Bømlo, SFO og barnevern
 
Har du behov å snakka med nokon om vanskar i familien, finn du mange gode lenker under lenka Treng du hjelp?

Bømlo er med i det nasjonale satsinga Modellkommuneforsøket, saman med 25 andre kommuanr i landet. Modellkommuneforsøket er retta mot barn av psykisk sjuke og, eller rusmisbrukande foreldre. Målet er å utvikle modeller for tidlig intervensjon og systematisk og langsiktig oppfølging.

Meir informasjon

 
Publisert av Aud Jorunn Mjånes. Sist endra 12.06.2012
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no