Årsvikariat som kontormedarbeidar ved Rubbestadneset og Foldrøy skular

Ved Rubbestadneset og Foldrøy skular er det ledig 1 årsvikariat som kontormedarbeidar i 80% stilling.

Bømlo kommune er ein godt utbygd øykommune i Sunnhordland. Kommunen er landfast via Trekantsambandet. Bømlo har allsidige service- og kulturtilbod, gode fritidstilbod, vakker og variert natur og gode kommunikasjonstilhøve. Kommunen har over 11.500 innbyggjarar, eit flott kulturhus og eit variert kulturliv.


Ved Rubbestadneset og Foldrøy skular er det ledig 1 årsvikariat som kontormedarbeidar i 80% stilling. (3 dagar på Rubbestadneset og 2 dagar på Foldrøy).

Arbeidsoppgåvene vil vere journalføring, fakturabehandling, sentralbordfunksjon m.m.

Kvalifikasjonar:
Vi ønskjer ein person som:

  • Har kontorfagleg utdanning og /eller realkompetanse i faget

  • Er praktisk, logisk og handlekraftig og som kan tilpasse seg varierte arbeidsoppgåver ut frå dei behov vi har

  • Kan arbeide hurtig og nøyaktig og er løysingsorientert

  • Er serviceinnstilt og fleksibel

  • Har sikker språkforståing og god evne til skriftleg og munnleg framstilling

  • God erfaring med IKT som arbeidsverktøy


Vi tilbyr:
  • Godt arbeidsmiljø
  • Spennande og allsidig jobb
  • Løn etter kommunal tariff

Stillinga er ikkje tidlegare lyst ut internt i kommunen. Me tek derfor atterhald om fortrinnsrett for interne søkjarar jfr. Arbeidsmiljøloven § 14.3 og Hovudtariffavtalen kap. 1 § 2.3.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med skulefagleg rådgjevar Bjørn Håvard Bjørklund på telefon 97500432 eller bhb@bomlo.kommune.no

Søk stillinga her

Søknadsfrist: 30.07.2012

Merk: Du må først registrere deg/logge inn som ny brukar og deretter huke av for godkjenning av personvernerklæringa. Har du søkt jobb i Bømlo kommune før årsskiftet 2011-2012 er gamle opplysningar ikkje lenger tilgjengeleg.

Stillingstype: Kontormedarbeidar
Arkivsaksnummer: 12/1095


Publisert av Bjørn Håvard Bjørklund. Sist endra 05.07.2012
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no
padlock