Hjelpemiddel, tenesteomtale

Målgruppe 
Tekniske hjelpemiddel kan lånast ut til brukarar som treng det i akutte situasjonar, i eit kortare tidsrom eller som har eit varig behov.    
 
Formål med tenesta 
Tekniske hjelpemiddel skal gjera kvardagen lettare for brukarar som treng slikt utstyr.    
 
Tenesta gjeld 
I ein akuttsituasjon eller for eit kortare tidsrom
Personar som treng å låna eit hjelpemiddel i ein akuttsituasjon eller for eit kortare tidsrom, skal anten kontakta dei heimebaserte tenestene i sitt område eller driftsleiar/ambulerande vaktmeister.
 
Utlån frå Hjelpemiddelsentralen i Hordaland
Personar som har eit varig behov for å låna hjelpemiddel, kan få det gjennom folketrygda. Dei heimebaserte tenestene har søknadskjema og hjelper til med å søkja. Det er Hjelpemiddelsentralen i Hordaland og fysio-/ergoterapeutane som forvaltar hjelpemiddel som tilhøyrer folketrygda.
   
Tenestestandard for pleie- og omsorgstenester   
 
Kva er kravet for å motta tenesta 
Hjelpemiddelbehovet må vera stadfesta av helsepersonell i kommunen.
  
Gebyr/avgift: Ingen
 
Hjelpemiddel skal vaskast før dei vert returnert. I tillegg blir dei grundig reingjort på lageret før utlevering til neste brukar.  
 
 
Korleis søkja tenesta 
Det kan søkjast om lån frå NAV/Hjelpemiddelsentralen dersom brukarar har eit varig behov for hjelpemiddel. Bømlo kommune hjelper til med søknaden.
 
Utlevering/reparasjon av hjelpemiddel
Brukar vil få melding om at hjelpemiddel er kome. Etter avtale kan hjelpemiddel hentast eller leverast til brukar. Behov for reparasjon skal meldast til omsorgsområdet, fysio-/ergoterapeutar eller direkte til driftsleiar.
 
Arbeidstida til driftsleiar er kl 08.00 til 15.00. Det er ikkje vakt i helgane, då må ein venda seg til dei heimebaserte tenestene i området.

Tryggleiksalarm
Tryggleiksalarm kjem ikkje inn under denne ordninga. For å låna alarm, kontakt dei heimebaserte tenestene i området, dei vidareformidlar kontakt.
 
NAV har etablert ei vaktordning for reparasjon av tekniske hjelpemiddel

 
Hjelpemiddel, kontakttelefonar
Hjelpemiddel, kontakttelefonar
KontaktTelefonnummer
Bremnes omsorgsområde53 42 34 40
Bømlo omsorgsområde53 42 37 60
Moster omsorgsområde53 42 37 50
Driftsleiar53 42 31 88 / 468 23 879
Fysioterapeut53 42 33 40
Ergoterapeut53 42 33 47
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 21.12.2010
padlock